Heilt Konge!

Kjøp billettar

Festivalpass er no tilgjengeleg hjå Billettservice.

Kjøp billettar



PSW Group sponsar Utkant´13

Med vår lokale forankring sentralt på Mongstad, er PSW GROUP stolt sponsor for et av sommerens kulturelle høydepunkt i vår region.

PSW GROUP er et kunnskapsrikt og raskt voksende oljeserviceselskap innen vedlikehold, drift og Engineering av Subsea og Drilling Teknologi. Selskapet er lokalisert på Mongstad, Kokstad og Ågotnes.

Besøk PSW.no

Atter ein konge

For sjuande året på rad har me gleda av å invitere nye og gamle bekjente te den beste festen i heile Sogn. 25.-27.juli er det klart for atter ein Utkant, nett øve flomålet i Gulen sin vakre og karrige skjergard. Anten du kjem landevegen eller sjøvegen, ligg Skjerjehamn plassert midt i senter der dei fire himmelretningane råkast. Så no er det berre å rite av datoane i primstaven, plotte inn gps’en, botnsmørje sjarken og trive treskoa tå hylla. Fram te me sjåast etterlet me Dykk med orda Heilt Konge!

Bigbang

Big Bang har gjennom to tiår vorte hylla for sine konsertar i inn- og utland. Girl in Oslo, To the Mountain og Wildbird er songar som nærast alle kjenner til og som garantert fører til allsong, trampeklapp og ekstase her ytst i skjergarden.

Turboneger

Kva får ein om ein blandar tre like delar av glam rock, punk rock and hard rock?
Jau då får ein ei sjømannskiste full av feite death punk låtar. All My Friends Are Dead, I Got Erection, Fuck The World, Are you Ready, You Give Worms... Her er det å byte ut sydvesten med matroshua og dra på seg dongeriuniformen. La oss alle Get It On !!!

Karpe Diem

Karpe har enkelt og grett vorte betre og betre for kvart album dei har gitt ut. Det er difor eit etterlengta gjensyn når Magdi & Chirag entre utkantscena te sumaren. Feite poplåtar, språkleg begavelse og samfunnsforståing er tre synonym som beskriv Osloduoen.

Real Ones

Er dette Noregs beste liveband? Kvintetten frå Bergen er i alle høve blant rikets fremste ambassadørar for godstemning. Svalbard, New York, Calcutta og Skjerjehamn er alle stoggestader i ein travel turneplan.

Oslo Ess

Oslo Ess har herja inn og utland det siste året med intens turneverksemd. Når bandet legg te kais under Utkant vil allsongen runge som eit 1.000 stemt shantykor over Sognesjøen til songar som Caroline, Bislett Stadion og Fritt fram.

Death By Unga Bunga

Ein deileg miks av nytt og mest gamalt. Dra te Moss for ei plate skreiv Dagbladet, kom te Utkant seie me. Det er fysisk umulig å oppleve ein DBUB-konsert utan å smile, danse og drikke øl. Du kan freiste, men du kan bare gløyme å klare det.

Jonas Fjeld

Jonas Fjeld fylte 60 år i september 2012, og har gitt ut eit dobbelt «best of»-album. Såpass må til, når man skal oppsummere ein 40 år lang karriere som ein av landets mest folkekjære artist -og låtskrivarar. Dei siste årane har utgjevingane komen tett, og solgt til både gull og platina.

Cazadores

Med sitt ambisiøse sound og fengande rockelåtar har Cazadores på kort tid fanga oppmerksomheten til både radiolyttere og konsertvankare over heile landet.

Last Heat

Deileg amerikansk vestkystrock. Nok ein gong er det godt å oppdage at dette landet her aldri ser ut til å sleppe opp for nye sterke band og artistar.

Honky Tonk Angels

Tove Bøygard, er ein av frontfigurane i samarbeidsprosjektet Honky Tonk Angels. Forutan Tove finn ein namn som Karin Wright og Johanna Demker i det seks damer store orkesteret. Ei musikalske gryte med sterkt, eige materiale krydra med låtar frå dei største kvinnelege artistane i rock- og rootshistoria. Ein kveld med desse damene er synonymt med liv og røre, og glimt i auget.

Svölk

Frå Tryil sine djupaste skogar, har grunnleggarane av norsk slagbjørnrock hamra og slått seg inn i årets program. Svölk har etter kvart fått ei lang merittliste når det kjem te konsertar og turnert både inn og utland. I Svölk får du eit band spekka med speleglede og gitarriff som gjer rockefoten ein ny dimensjon. Så her er berre å forberede seg på ein real omgong med Svölk!!

Beat.no er stolt hovudsponsor av Utkant.

På beat.no finner du all musikk som er frigitt for streaming.

Som medlem kan du streame over 8 millioner låter uten begrensninger. Du kan også gratis laste ned applikasjonen Beat Mobil som støtter iPhone, iPad og Android og streame spillelistene dine over trådløst nett eller laste de ned og ta de med deg offline.

Beat.no ble etablert på Mjømna i Sogn & Fjordane høsten 2009, med mål om å gjøre det lettere å nyte god musikk på en enkel måte.

Besøk beat.no

Bedriftstilbod

Utkantfestivalen kan vere det perfekte høve til å gje deg sjølv eller dine tilsette ei eventyrleg sommaroppleving på idylliske Skjerjehamn i Gulen. Me garanterer ei sosial og musikalsk helg på tampen av juli.

Årets Utkant vert arrangert 25.-27.juli, og me startar det nye året med eit knalltilbod til bedrifter i Nordhordland og Gulen.

Gjeld til 15. Mars

No har du og dine medarbeidarar høve til å sikre deg billettar til sterkt redusert pris til sommarens store oppleving. I år diskar me opp med den beste artistrekka i festivalen si historie. Noko som vil gje dykk som publikum endå større opplevingar.

Utkant vart i 2012 kåra til Sogn og fjordane sin beste kulturide, og vann i 2011 tevlinga om Beste Arrangement i lokalavisa Strilen.

Bestilling

Bestill billettar gjennom dette tidsbegrensa tilbodet. For prisar, spørsmål og bestilling av billettar send mail til utkant.billett@gmail.com. Billettar vert sendt ilag med faktura til bedrifta di.


Toyota'n til Magdi Karpe Diem

"Toyota'n til Magdi" var fyrste singel frå Karpe Diem si siste skjeve "Kors på halsen, ti kniver i hjertet, mor & far i døden".

Kontakt oss

Spørsmål om billettsalet eller ønskjer du å vere med som frivillig? Send oss eit gammaldags brev eller ta teknologien i bruk og send det elektronisk.

Stiftinga Utkant
Mjømna 200
5978 MJØMNA

Instagram: #Utkant #Utkantfestivalen #HeiltKonge