Kjøp billettar
Festivalpass er no tilgjengeleg hjå Billettservice.
Kjøp billettar
PSW Group sponsar Utkant´13
Med vår lokale forankring sentralt på Mongstad, er PSW GROUP stolt sponsor for et av sommerens
kulturelle høydepunkt i vår region.
PSW GROUP er et kunnskapsrikt og raskt voksende oljeserviceselskap innen vedlikehold, drift
og Engineering av Subsea og Drilling Teknologi. Selskapet er lokalisert på Mongstad, Kokstad og
Ågotnes.
Atter ein konge
For sjuande året på rad har me gleda av å invitere nye og gamle bekjente te den beste festen i heile Sogn. 25.-27.juli er det klart for atter ein Utkant, nett øve flomålet i Gulen sin vakre og karrige skjergard. Anten du kjem landevegen eller sjøvegen, ligg Skjerjehamn plassert midt i senter der dei fire himmelretningane råkast. Så no er det berre å rite av datoane i primstaven, plotte inn gps’en, botnsmørje sjarken og trive treskoa tå hylla. Fram te me sjåast etterlet me Dykk med orda Heilt Konge!
Bigbang
Big Bang har gjennom to tiår vorte hylla for sine konsertar i inn- og utland. Girl in Oslo, To the Mountain og Wildbird er songar som nærast alle kjenner til og som garantert fører til allsong, trampeklapp og ekstase her ytst i skjergarden.
Turboneger
Kva får ein om ein blandar tre like delar av glam rock, punk rock and hard rock?
Jau då får ein ei sjømannskiste full av feite death punk låtar. All My Friends Are Dead, I Got Erection, Fuck The World, Are you Ready, You Give Worms...
Her er det å byte ut sydvesten med matroshua og dra på seg dongeriuniformen. La oss alle Get It On !!!
Karpe Diem
Karpe har enkelt og grett vorte betre og betre for kvart album dei har gitt ut. Det er difor eit etterlengta gjensyn når Magdi & Chirag entre utkantscena te sumaren. Feite poplåtar, språkleg begavelse og samfunnsforståing er tre synonym som beskriv Osloduoen.
Real Ones
Er dette Noregs beste liveband? Kvintetten frå Bergen er i alle høve blant rikets fremste ambassadørar for godstemning. Svalbard, New York, Calcutta og Skjerjehamn er alle stoggestader i ein travel turneplan.
Oslo Ess
Oslo Ess har herja inn og utland det siste året med intens turneverksemd. Når bandet legg te kais under Utkant vil allsongen runge som eit 1.000 stemt shantykor over Sognesjøen til songar som Caroline, Bislett Stadion og Fritt fram.
Death By Unga Bunga
Ein deileg miks av nytt og mest gamalt. Dra te Moss for ei plate skreiv Dagbladet, kom te Utkant seie me. Det er fysisk umulig å oppleve ein DBUB-konsert utan å smile, danse og drikke øl. Du kan freiste, men du kan bare gløyme å klare det.
Jonas Fjeld
Jonas Fjeld fylte 60 år i september 2012, og har gitt ut eit dobbelt «best of»-album. Såpass må til, når man skal oppsummere ein 40 år lang karriere som ein av landets mest folkekjære artist -og låtskrivarar. Dei siste årane har utgjevingane komen tett, og solgt til både gull og platina.
Cazadores
Med sitt ambisiøse sound og fengande rockelåtar har Cazadores på kort tid fanga oppmerksomheten til både radiolyttere og konsertvankare over heile landet.
Last Heat
Deileg amerikansk vestkystrock. Nok ein gong er det godt å oppdage at dette landet her aldri ser ut til å sleppe opp for nye sterke band og artistar.
Honky Tonk Angels
Tove Bøygard, er ein av frontfigurane i samarbeidsprosjektet Honky Tonk Angels. Forutan Tove finn ein namn som Karin Wright og Johanna Demker i det seks damer store orkesteret. Ei musikalske gryte med sterkt, eige materiale krydra med låtar frå dei største kvinnelege artistane i rock- og rootshistoria. Ein kveld med desse damene er synonymt med liv og røre, og glimt i auget.
Svölk
Frå Tryil sine djupaste skogar, har grunnleggarane av norsk slagbjørnrock hamra og slått seg inn i årets program. Svölk har etter kvart fått ei lang merittliste når det kjem te konsertar og turnert både inn og utland. I Svölk får du eit band spekka med speleglede og gitarriff som gjer rockefoten ein ny dimensjon. Så her er berre å forberede seg på ein real omgong med Svölk!!


