Fay Wildhagen
Fay Wildhagen kom som eit friskt pust inn i den norske musikkfloraen i 2015. Med albumet «Snow» vart ho nominert til Spellemannspris og årets nykommar under P3 Gull, og gjorde over 70 konsertar rundt om i Noreg og i utlandet. Mellom anna var ho ute på ein support-turné med Mew.
I 2018 kom oppfølgjaralbumet «Borders» med ein lengre turné og fleire festivalar som ØyaFestivalen i 2019.
I starten av 2020 sleppte Fay «Leave Me To The Moon» – som inneheldt akustiske versjonar av mange av låtane hennar, og skulle etter planen ut på turné. Dessverre vart denne turneen, som så mange andre i 2020, avbrote etter berre éin konsert.
Fay har i staden nytta tida til å konsentrera seg om filmmusikk til «Aksel», dokumentaren om Aksel Lund Svindal som vart sleppt våren 2021. I tillegg har fått med seg mange gode naturopplevingar i «71 grader nord – Noregs tøffaste kjendis».
Denne sommaren er Fay endeleg tilbake live på norske festivalar!
Pressefoto: Johanna Siring