Eigen bil/båt

KOM MED DIN EIGEN BÅT

Billettar til båthamna kjøper du her.
Kva hadde Utkant vore utan det yrande båtlivet?  Plott inn 60°56′32,4″N 4°57′17,6″Ø på kartplottaren og ta turen! Det er stor kapasitet i hamna i Skjerjehamn. Vårt hamnelag vil sikre ei forsvarleg og god plassering av båtane og det forventast at båtførar følgje instruksane frå hamnevakta. Det er mogleg å reservere plass i hamna. Plassering bestemmast av hamnesjefen ved ankomst. Fordi det er svært mykje båtar i hamna denne helga er det begrensa moglegheit for å gje landstraum eller vatn til båtane. Alle ombord i båtane må ha gyldig festivalbillett.

Båtskjema må fyllast ut, det finn du her.

PARKERING

Me gjer merksam på at du kan ikkje køyre heilt fram til festivalen. Du vil ved ankomst verte henvist til parkering på Mjøsund næringspark (ved Mjåsundbrua).

Parkeringsbevis kjem for salg i.l.a våren.
Skriv ut og legg i frontruta. Mulig å få bevis også ved ankomst.

Frå denne plassen går det shuttlebuss.
Parkering inkl shuttle for sjåfør: 100,- pr døgn
Shuttle for passasjerer: 75,- tur/retur 

Kollektivtransport

Norled sine ekspressbåtar Bergen – Nordfjord og Bergen – Sogn går forbi to gongar om dagen. Frå Bergen til Skjerjehamn tek det ca. 1,5 time med båt. Båten stoppar i Skjerjehamn alle dagar under Utkant.

Vil du leige din eigen båt?
Fonnes båtservice har 24 timars døgnservice . På bestilling kan dei hente og bringe våre gjester både fjernt og nært. Båtane har plass til 12 og 18 passasjerar. Perfekt for mindre grupper som vil gjere reisa til ei oppleving og ønskjer større fleksibilitet. Kontakt Fonnes Båtservice for booking: Vakttelefon: 91 60 61 57 / 95 78 44 11 tommy@fonnesbatservice.no

BÅTRUTER

Båtbillettar til lokalruter kommer for salg i.l.a våren
Rute 1 Mjømna-Skjerjehamn
Rute 2 Eivindvik-Skjerjehamn
Rute 3 Dalsøyra-Skjerjehamn
Rute 4 Mastrevik-Skjerjehamn (en avgang til Vardetangen lørdag)
Rute 5 Furnes-Skjerjehamn

BUSS

Billetter til buss må forhåndsbestilles! Kommer for salg i.l.a våren

For å kome til Utkant oppmodar me flest mogleg å nytte offentleg transport. Det er sett opp eigne bussruter frå:
1. Gråvika-Brimnesstranda-Byrknes-Skjerjehamn
2. Duesund-Hosteland-Nautesund camping-Hovden-Vidsyn-Skjerjehamn
3. Heggelund-Eidsbotn-Glenjavegen-Svardalen-(Sande)-Skjerjehamn
4. Mogligheit å parkere på Mjåsund Næringspark og ta shuttle inn til Skjerjehamn.

Ungdom 13-19 år kan benytte rabattkode UNG (sponset av LTU)
OBS! Skal du ha vanlege billetter i tillegg må du foreta to bestillingar, ein for ungdom og ein for vaksne.

Buss heile helga?
Då kan du benytte rabattkode HELG

FRÅ BERGEN TIL SKJERJEHAMN MED BIL

Det tek knappe 2 timar å køyre frå Bergen til Skjerjehamn med bil. Køyr mot Knarvik og ta av til Mongstad på riksveg 57. På Mongstad (Leirvåg) går det ferje kvart over kvar heile time. Ferga tek ca. 20 minuttar. Følg så skiltinga til Byrknes og ta av før Mjåsundbrua til Skjerjehamn.
Ferjetider finn du her.

FRÅ SUNNFJORD TIL SKJERJEHAMN MED BIL

Etter ferja Lavik – Oppedal tek du av vegen ved Kringla. Køyr deretter først mot Duesund og så mot Rutledal. Ta av til Sløvåg. Følg så skiltinga til Byrknes og ta av før Mjåsundbrua til Skjerjehamn.

 

Lykke til og køyr forsiktig!