Desse navna blir å sjå på UTKANT 2022!

Utkant-familien har endeleg fått presentert ei heil rekke med nye familiemedlemmar, alle kjem på vårt usedvanleg store familietreff, 3 år etter sist samling.

Trygve Skaug er ein av Headlinerane i år. Ein fantastisk poet. Foto: Pressebilete

I første omgang finn vi dei kun på plakaten, ei strålande samling av nokon av Noregs råaste og finaste band og artistar. Lat oss presentere Staysman – den elleville festbomba med full tenning, mogleg overtenning. Zupermaria – Den kulaste dama i by og bygd, sommarvibber med fargerike blomekransar. Bernhoft – Den funkyaste og groovyaste karen vi kjenne, tok oss med storm på nytt under årets sesong av «Hver Gang Vi Møtes» på Tv2. Brenn. – Har gitt norsk rock ein ny giv, med sine usakleg dryge liveshow, energi er eit stikkord å nytte.

Vidare på plakaten finn vi Trygve Skaug, Ka2, Emma Steinbakken, Julie Bergan, Eirik Aas, Chris Holsten, Synne Vo, The Dogs og Skaar.

Framleis ventar det 2 artistar.

Endeleg kan me samlast tett i tett igjen!