Utkant 2020 er avlyst.

Kjære Utkant-vener ⚓️

Det er med tungt hjarte me trekk inn årene og tek innover oss at Utkant`20 må avlysast etter dagens avgjersle frå kulturministaren.

Dei omfattande og heilt naudsynte restriksjonane som er iverksette for å hindre spreiing av koronaviruset gjer at det ikkje er mogleg å avhalde sumarens festival på Skjerjehamn.

Alle billettar som er tinga til årets festival vil kunne nyttast på Utkant`21. Dato for festivalem vert 29.juli- 1. august 2021.

Nyt sumaren med god musikk, eit knippe gode vener og ta deg tid til å oppdage eit heilt nytt band eller to.

Me gler oss til å sjå deg i sjøkanten på Skjerjehamn neste sumar!

Av UTKANT / Linn Dyveke Wilberg

Siste innlegg

Arkiv