Billettkjøpar frå 2020-21? Sjå her!

🎫Viktig frist for tidlegare billettkjøparar

Har du ein billett frå 2020 eller 2021 du ynskjer å refundere? Dette MÅ gjerast innan 1. mai. Håpar sjølvsagt flest mogleg ynskjer og kan kome – men fristen er eventuelt då.

Alle tidlegare billettkjøparar skal ha fått ein e-post allereide i desember, der ein kunne laste ned billett for i år(2022). Om du ikkje har gjort dette eller fått e-posten, må me få vite om dette – send e-post til billett@utkant.com

Dei som har dagspass frå 2020 og/eller 2021 må melde inn kva dag ein ynskjer å nytte billetten i 2022. Fristen her er også 1. mai.
Alt dette må meldast inn til billett@utkant.com
Håpar uansett me sest på festival!