
Chris Holsten og Synne Vo til UTKANT ’22
Denne veka slepp vi 6 artistar og no er heile to av dei klare! Fredag slepp vi eit begrensa Early Bird billettar, merk at dette vert dei billigaste billettane til UTKANT ’22. Ser fram til å lansere desse stjernene!
Synne Vo til Utkant!
Kjem Noregs nye popstjerne frå Gudbrandsdalen?
Synne Vo er ein 22 år gammal artist og låtskrivar fåa Lesja i Gudbrandsdalen. Med sin sjarmerande dialekt formidlar ho
kvardagslege tekstar i eit organisk og fengjande lydbilete. Eit friskt pust på den norske popmusikk-scena og ein artist vi kjem til å høre mykje frå i fremtida.
Synne delar historier frå eit ungpike-liv. Her blir relaterbare opplevingar og tanker vel formulert med stødig penn før dei vidare blir til catchy popmusikk. I dette universet treff ein sekstenåringen som er fjortisfull på pappa sin gin, ein kan kjenne med på lengselen etter heimplassen sin og den steden ein forelska seg for fyrste gong, eller ein høre historia om ei natt i ein park på St.Hanshaugen som var for god til å vere sann.
Sjøv har Synne rukke å flytte frå heimbygda si og til storbyen (og så tilbake igjen), før ho det siste året har gjort ferdig studie i musikkproduksjon på Limpi. Under studie slapp ho låta «Ikkje tenk på meg» på eigenhånd. Denne har ligge heile 21 uker på A-listen til P3.
Chris Holsten til Utkant!
Med låtar som «Hvis verden», «Bare når det regner» og «Smilet i ditt eget speil» har herja listene gjennom året og til våren slepp han del 2 av albumet «Bak en fasade» og er klar for ein fullspekka festivalsumar med sitt forrykande scenehow!
Det er på scena multitalentet Chris Holsten trivast aller best. Dei sist åra har han verkeleg fått vist det norske folk for ein fenomenal liveartist og formidlar han er med utselde turnear og utallege TV-opptrednar. Den speleglade artisten og det trufaste bandet er klare for å fortsette festen i 2022.
Etter å ha sunge utelukkande på engelsk tidlegare har Chris Holsten det siste året toppa lister og erobra det norske publikummet med sine norskspråklege låtar.