Dag 1

Flagget kom endeleg til topps, og Utkant 22 var offisielt i gong. På dag 1 av Utkantfestivalen i Skjerjehamn, var stemninga stor blant gjestane som gleda seg til alt ifrå musikken, båtlivet og det sosiale ved festivalen. Menyen inneheldt god lyrikk, allsong og ein saftig øl-smaking. Sola sto verkeleg fram, og skapte nydelege syn på denne vakre plassen.  Det hadde ikkje vore nokon opningsdag utan dei frivillige, vi takkar for jobben og heiar fram dugnadsånda.

Festival-suget blei sløkka då Trygve Skaug entra scena, og opna showet. Den mektige lyrikaren spelte ei heftig set-list som var ein verdig opning av årets mest etterlengta festival.

Goggen, mannen som alltid skapar liv, allsong og fest var sjølvsagt til stede i år også. Akt 2 av festivalen blei ein ellevill trubadur oppleving, med eit publikum som var fullt til stede. Sogningen og dronninga Eva Weel Skram skinte i sola og utførte eit strålande set, som tok fram tårane og glede i auga våre. SKAAR sjarmerte oss i senk med sin kreative stemme. Ho kan spele på fleire spekter, og det fekk Utkant-tilskodarane til grads høyre. Det begynte med eit smell, til dei meir melodisk-rolige songane tok over. Ho avslutta med eit brak, og vi skulle gjerne hatt Stord-dama her heile kvelden.

Kåra til årets artist og årets Låt av P3 Gull 2021. Sjølvaste Chris Holsten avslutte opningsdagen, og tilskodarane fekk klassikarar på rekke og rad. Ein heseblesande avslutning på ein fantastisk opningsdag gjor at dette blei ein magisk start på årets eventyr.

Kongen- og Dronningscena er no klare for meir sprell, vi sjåast der!