Eirik Aas

Eirik Aas markerte seg først som rappar i gruppa Hester V75, men det var ikkje før i 2020 solo-karriera starta. Debutalbumet «Med lyset sløkt» tok imot strålande tilbakemeldingar frå både tilskodarar og bransja. Bergens Tidende trilla terningkast 6.

I låtane skildrar han utfordringar rundt det å vokse opp, å etablere seg, måtte bryte med forventningar, og å ha problem med sin kjære. Eirik Aas kan ikkje skryta på seg eit liv han ikkje har, og vil heller fortelje om utfordringane i sitt eige. Han trudde lenge det var ei svakheit, men er heller ein av dei største styrkane hans. Nettopp det å skilja seg ut i den norske rap-floraen, og å skrive låtar som norsk ungdom kan relatera til.

Erik Aas spelar 29.juli på Utkant.