Stjernekamp-vinnar kjem til Utkant

Stjernekamp-vinnar Ella Maria Hætta Isaksen er klar for Utkant. Saman med bandet sitt Isak leverar ho ei spanande blanding av joik og urban synth på samisk og engelsk.

Etter ni runder på laurdags-tv, vart Ella Marie Hætta Isaksen krona som vinner av årets Stjernekamp på NRK. Programmet har nådd tett på ein million sjåarar kvar helg og den spanande finalen vippa til slutt i Ella Marie sin favør.

-Isak har vore klar for Utkant lenge og er booka uavhengig av suksessen i årets Stjernekamp, seier festivalsjef Viggo Randal som likevel ikkje legg skjul på at han følgde innspurten i NRK-programmet ekstra spent i år.

-Komplett entertainer

-Eg trur mange med meg fekk auga opp for dette fantastiske bandet etter den magiske framføringa dei gjorde av Mari Boine si låt, «Elle», under årets Spellemann. Dessutan har det vore vanskeleg å ikkje legge merke til dei når postadressa mi det siste året har vore i Finnmark, fortset Randal. Han tykkjer Ella Marie i løpet av haustens tv-program har fått vist seg fram som ein komplett entertainar som mestrar dei fleste sjangrar godt.

-Spanande fusjon

Under Stjernekamp har det vore fokus på vokalisten Ella Marie, men til Utkant tek ho med seg hjartebarnet sitt; bandet Isak. Saman med produsent Daniel Eriksen og trommis Aleksander Kostopoulos utgjer trioen Isak ein spanande fusjon av joik og urbane synther framført med eit tekstunivers som leikent kombinerar engelsk og samisk. Bandet har det siste året fått høg rotasjon på radio.

-Dei som fekk med seg laurdagens finale av Stjernekamp fekk sjå Ella Marie framføre ei av Isak sine låter og fekk dermed eit godt frampeik om kva dei kan glede seg til frå Utkant-scena i juli.

Frå stjernekamp til stjerneslepp

Festivalsjefen fortel at gjengen i Utkant har jobba med booking meir eller mindre sidan dei pakka ned årets festival. Nokre store namn er allereie klare og dei reknar med å lande fleire gode bookingar i vekene som kjem.

-Me kan allereie no love eit skikkeleg stjerneslepp 1. desember.

Utkant vert arrangert for trettande gong i 2019 og finn tradisjonen tru stad på Skjerjehamn siste helga i juli, altså 25.-27. juli 2019.