
Frå sjåførar til trivselsvakt? Me treng mange frivillige!
KVA OPPGÅVER KAN DU FÅ SOM FRIVILLIG?
Eit festival-mannskap er ein blid og løysingsorientert gjeng som har det kjekt – samstundes som ein får gjort en god jobb. Når arbeidsmoralen er på topp – smittar det og ein får ei god oppleving! Me håpar akkurat du vil bidra til å få UTKANT tilbake på skikkelig vis.
Me er avhengig av kvar og ein. Sjå under om der er roller som kan interessere deg meir enn andre, send uansett ein e-post til vår frivilligansvarleg Iselin – frivllig@utkant.com.
Artistvert
Som artistvert har du ansvar for ein eller fleire artister/band den dagen dei spelar på UTKANT. Du vil vere den første artisten møter i havgapet, og vil sørgje for at dei har det bra og har det dei treng gjennom heile deira opphald på Skjerjehamn. Her kan du få oppgåver som omfattar alt frå å klargjere backstage, til å halde det ryddig eller steike vaflar.
Scenerigg
Ver med på å gjere alt klart for artistane som skal spele på scenene våre! Dette er til tider tungt arbeid i eit team med profesjonelle sceneriggarar og teknikarar. Her er det gode moglegheiter for å skaffe seg erfaring du kan bygge vidare på om du vil jobbe i musikkbransjen. Her er du ei viktig brikke i eit maskineri som er nøye planlagt med mykje kunnskap! Om du likar å stå på, bruke kroppen og er glad i å vere ein del av eit team er dette ein super jobb for deg. Her er det også mogleg å jobbe før- og etter festival, slik at du kan få fri under festivalavvikling.
Områderigg
Likar du å bygge ting, vere aktiv, finne smarte løysingar på rare problem og kanskje male eit kult skilt? Når du er med på å gjere klart festivalområdet vil du får varierte oppgåver og bli kjent med alle av festivalens krikar og krokar. Her vil du få gjere alt frå å sette opp gjerder, henge opp ting i treda til å hjelpe til med å montere telt. Riggteamet står på til vi stolte kan åpne eit kult, koselig og trygt festivalområde for publikum. Du treng ikkje noko forkunnskapar, berre eit ynskje om å gjere ein innsats, litt kreativitet er fint – og du bør ikkje vere redd for å bli skitten på hendene. Er du i riggegruppa har du også moglegheit til å jobbe før og etter festival, og få fri under festivalavviklinga.
Catering
Er du glad i å lage mat og å ta vare på folk? Då er dette jobben for deg. I cateringgruppen har du ansvar for å lage mat til artistar og crew som er på UTKANT, under leiinga av ein profesjonell kokk.
Merchsalg
Under UTKANT blir det salg av både festivalen sin eigen merch og artistane sin merch. Her må du like å prate med folk, og yte din beste service!
Trivselsvakt
Trivselsvaktene under UTKANT er på mange måtar festivalen sine ansikt utad. Du har ansvar for å passe på området, sjå til at publikum har det bra, svare på spørsmål om festivalen, sørgje for at området er ryddig mm.. Du vil og vere den som sørgjer for at andre frivillig på jobb får seg ein kopp kaffe og ein sjokolade når dei treng det som mest.
Billett- og akkreditering
Som frivillig i billett- og akkrediteringsgruppa er du gjestane første møte med festivalen. Her får du jobb både med å bytte billettar til bånd, og med å selge billettar undervegs. Du vil sørgje for at publikum kjenner seg ivaretatt frå første augeblink!
Sjåfør
Når du jobbar med transport under UTKANT, får du oppgåver som omfavnar alt frå å hente artistar på Flesland til å køyre utstyr. To viktige forutsetningar; du må ha lappen og vere glad i å køyre bil!
Logistikk
I logistikkavdelinga hjelper du til med å sørgje for at logistikken rundt festivalen går så smertefritt som mogleg. Her får du ansvar for alt fra å få folk på riktig buss, stenge vegar til å hjelpe båtar på plass.
Renovasjon
Renovasjonsgruppa under UTKANT vil sørge for at vi har et fint og ryddig festivalområde. Under festival oppstår det mykje avfall, og du er med på å sørgje for at søppelkasser er tømt og at publikum alltid har ein stad dei kan kaste frå seg avfallet sitt – slik at det ikkje havnar i sjøen!
Har du spørsmål eller allereie bestemt deg?
Ta gjerne kontakt med frivilligansvarlig Iselin på frivillig@utkant.com