Frivilligheit er for alle!

VIL DU VERE MED Å SKAPE VERDAS FINASTE FESTIVAL I HAVGAPET? BLI MED SOM MANNSKAP PÅ UTKANT 2022!

Som frivillig på Utkant skapar du kjekke minnar samstundes som du får ein super erfaring frå festivalbransjen. Å vere frivillig på UTKANT krev ikkje nokon forkunnskap, men vi forventar at du stiller forberedt, positiv og arbeidsvillig på festival. Skulle du vere i tvil om du vil bli frivillig, so kan du ta Iselin Isungset på ordet når ho snakkar varmt om korleis det er å vere frivillig.

«Gjer det! Som frivillig på festival finst det like mange ulike typar oppgåver som det finst ulike folk. Her er det noko for alle! Spør du meg, er den aller beste måten å oppleva festival på som frivillig. Her får du oppleva festivalen frå innsida, bidra til at den blir så bra som mogleg, og samtidig oppleva masse kule konsertar saman med resten av festivalpublikummet»

Iselin Isungset som er vår frivilligansvarleg begynte hos oss i fjor, og har fleire år i bagasjen med frivilligarbeid. Det som er ekstra positivt med det og vere frivillig er at du både får ha det kjekt under festivalen, men etter festivalen får du også nytte av din oppleving:

«Etter endt festival kan du som har vore frivillig ta med deg nyoppdaga musikalske favorittar, kjennskapar på tvers av alder og livssituasjon, minner du aldri gløymer, meistringsfølelse og UTKANT-skjorte!» Seier Isungset.

Skulle du enda vere i tvil om kva ein får ut av å vere frivillig, kan du lese om kva Iselin har fått ut av sine verv:

«Eg har vore frivillig på festivalar og arrangement på tvers av landet årleg sidan ungdomsskulen. For meg har dette både vore ein måte å oppleva utruleg mykje ny kul musikk på, treffa nye venner, og gong på gong gitt meg kjensla av å vera ei viktig brikke i eit apparat som saman skaper noko stort! Det har ikkje minst vore ein veg inn til å jobbe i musikkbransjen, for dei som er litt ekstra interessert»

Kan være kunst av Éin person og innandørs

Vi håpar at du vil bidra på årets UTKANT, og skape mange gode minnar for deg sjølv og andre. Iselin vil ha med deg på laget: Frivilligheit er for alle! Grunnen til at eg tør å seia det, er at vi har like mange ulike oppgåver som ulike folk! Her er det noko for alle, og har du spesielle ønske eller behov legg vi til rette for det òg. Velkommen som mannskap på UTKANT22, eg gleder meg til å møta deg!

 

Ta kontakt med frivilligansvarleg Iselin Isungset på: frivillig@utkant.com