Hagle

Indre Østfold-bandet Hagle har dei siste åra etablert seg i toppsjiktet av norske artistar når det gjeld strøyming og konsertopptredenar, og skyt no fart inn i 2023 med sin gledesspreiande country-rap, som handlar om rånemiljøet og den lokale bygdekulturen der dei voks opp.

Med 100 millionar streams, tallause TV-opptredenar, avslutningsshowet på VG-lista og hyppige avspelingar på radio, er det nesten umogleg å ikkje leggja merke Hagle i den norske offentlegheita om dagen.

Den unike blandinga deira av banjo, fele, trekkspel og rap har vorte omfamna av heile landet og alle singela til bandet har toppa listene på Spotify. Dei første låtane vart plukka opp av NRK-serien Rådebank og fleire av låtane har frekventert på diverse TV-program sidan den gong.

Dette er musikk for deg med veteranbil med stort anlegg, som føretrekkjer tresko framfor sneakers og set allsong i forsetet!