Frivilligansvarleg – Utkant
Me leiter etter deg som er glad i folk, diggar festival, elsker lister og struktur – og syns det er kjekt å bidra til eit levande bygdesamfunn (så vel som ein skikkelig fest!) Stillinga er ei prosjektstilling som enkelt kan kombinerast med anna jobb, men du må vere på Skjerjehamn mellom 22. Juli og 2. August. Det er eit ønske at du bur i Gulen, Bergen eller omegn.  Du må kunne jobbe sjølvstendig og rekruttere aktivt. Send e-post til festivalsjef@utkant.com idag!

Søknadsfrist: 24.februar

 

Kommunikasjon- og innhaldsansvarleg – Utkant
Er du ein strukturert og kreativ kommunikasjonsperson med peiling på marknadsføring er du velkommen til oss. God språkføring i nynorsk er eit absolutt krav. Du må kunne sette opp ein kommunikasjonsplan og følge den. Utover dette får du mykje fridom og spelerom i jobben. Du får ansvar for å drive nettsida vår og plattformar på SoMe, og ha ansvar for alt innhald (foto, video, presse) som blir produsert under festival. 

Dette er ei prosjektstilling som enkelt kan kombinerast med anna jobb, men du må vere på Skjerjehamn mellom 22. Juli og 2. August. Dersom du trivst med å jobbe sjølvstendig kan du bu kor som helst. Send e-post til festivalsjef@utkant.com.

Søknadsfrist: 24.februar

 

Områdesjef – Utkant
Er du ein sjølvgåande, ryddig og initiativrik person som tør ta avgjerdsler og kan skilnaden mellom raud og blå straum? Då er du kanskje vår nye områdesjef! Utkant har eit lite område som krev effektiv bruk og god planlegging. Du vil ha kontakt med grunneigarar og ha ansvar for at området blir tilbakelevert slik me fekk det, utan avfall og skader. Du får ansvar for planlegging av området, bestilling av utstyr, oppsett av riggplan, gjennomføring av rigg, koordinering av renovasjon og dekor og ei slags vaktmeistarrolle under festivalen. Arbeidet kan til tider vere fysisk krevande. Me ser etter deg som har gode planleggingsevner, ser potensialet i område og areal og som klarer halde hovudet kaldt når det koker kring deg. Kan du køyre truck eller hjullaster er det eit stor pluss, men ingen krav. 

Dette er ei prosjektstilling som enkelt kan kombinerast med anna jobb, men du må vere på Skjerjehamn mellom 22. juli og 2. august. Dersom du trivst med å jobba sjølvstendig kan du bu kor som helst. Send e-post til festivalsjef@utkant.com.

Søknadsfrist: 24.februar