Julie Bergan
Med meir enn 500 millionar streams på strøymeplattformar har Julie Bergan tydeleg styrkt posisjonen sin på popscena. På tampen av 2021 kom David Guetta med låta «Family» der Julie bidrar med vokal saman med Ty Dolla $ign og A Boggie Wit, og andre samarbeid som «Ignite» med Alan Walker og «Don’t Give Up On Me Now» har gjort henne godt kjend utanfor våre eigne landegrenser.
Her heime har låtane «STFU» og «Kiss Somebody» gjort sigersgangen sin på hitlistene. No som restriksjonane omsider gjer at samfunnet opnar igjen, kan vi forvente at Julie Bergan vil vere ei samlande kraft for livescena sitt comeback. Bergan leverer eit vilt sceneshow som det er vanskeleg å stå stille til.
Ikkje til å gå glipp av! Julie Bergan står på Utkant-scena 29.juli.