Ka2


Heile Noregs tjommi! To gladgutar frå Bergen med sansen for livet. Dei byrja å lage musikk for vennane sine, og med tida har vennegjengen berre vorte større og større. Ka2 har beskrive seg sjølv som «ein venn, ein elskar og ein notorisk tre-klemmar.» I verkelegheita er dei ein duo frå Bergen, med DJ-og låtskrivar Didrik Thulin og Sondre Alvestad, aka EDM-artisten Sonny Alven. I byrjinga opptredde dei alltid maskert.

Sonny Alven har turnert med Kygo, og fekk alt i 2015 eit massiv hit med «Our Youth». Han vart nominert med Årets låt under Spellmannprisen, og nærmar seg 50 millionar avspelingar på Spotify. I tillegg til sine eigne låtar har han og gjort offisielle remiksar for artistar som Tove Lo, Alesso og Astrid S.

Også Didrik Thulin har samarbeidd med Kygo, som remiksa låten «Dancer» for han. Dei har vorte flittig spelt på P3, og lagar melodiske og dansbare låtar som festar seg kjapt.

Laurdag 30.juli kan du vitja Ka2 på Utkant.