Kart over Utkant

Skjerjehamn er nok ikkje akkurat verdas største festivalområde, og det gjer at det er relativt lett å finne fram til det meste!
Likevel kan det vere greit å ha eit lite oversiktskart innimellom. Så her har du det!

Nytt av året (2024) på området er det at du no finn toalett rett oppom vegen som går frå Kongen til Dronninga, i tillegg til ved innslepp og i Pakkhuset. Elles finn du det meste der det har vore før. Mat får du kjøpt i bodane ved Pakkhuset, og drikke får du også der, samt i barane ved Kongen og Dronninga.

Om du slit med å finne fram, kan du alltids spørje ein av våre trivselsvakter også!

Lenger ned på sida finn du kart over båthamna og beredskapskart.

Beredskap

Båthamna