Konsert-informasjon

Utkant og Skjerjehamn arrangererar konsert torsdag 29. juli, fredag 30. juli og laurdag 31. juli. Daniel Kvammen spelar på Dronninga torsdag, Odd  Nordstoga fredag og Ruben avsluttar med konsert laurdag.

Med kun 200 billettar til kvar konsert er dette ein unik moglegheit til å oppleve intimkonsertar av dei sjeldne i spektakulære omgjevnadar. 

Du må kjøpe billett til kvar konsert. Dagspass og festivalpass til Utkant kan ikkje brukast. Desse kan du trygt spare til Utkant’22.

Dørene opnar kl 18 kvar dag. Konsertstart er kl 20. Inne på området er det servering og det er ikkje lov å nyte medbrakt alkohol. Det er 18 års aldersgrense på arrangementet.

Praktisk informasjon

  • Alle må kjøpe billett etter fyrstemann-til-mølla prinsippet 
  • Ingen fri- eller sponsorbillettar i år grunna smittevern og svært avgrensa tal på billettar for sal 
  • Det blir ei maksgrense på 200 billettar pr. konsertkveld 
  • Pga. korona og omsyn til eventuell smittesporing må me føreta registrering ved innslepp. Der vil me spørje om namn, telefonnummer og bustadadresse
  • Det er 18 års aldersgrense på arrangementa

Båthamna

Det er mogleg å liggje med båt i hamna på Skjerjehamn under konsertane, og du kan kjøpe båtplass på utkant.com/billettar. I tillegg til billett for båtplassen må du må billett til konsert for å kunne nytte båthamna.

Ankomst er etter kl. 13:00 på konsertdagen og avreise innan kl. 12:00 dagen etter konsert (med mindre du har billett til fleire konsertar). Døme, konsert torsdag: Ankomst torsdag frå kl. 13:00 – før dette er brygga stengd. Avreise innan kl. 12:00 fredag.

Pris (per dag): 250 kroner, inkludert straum.

Treng du overnatting?

Det blir ikkje sett opp festivalcamp i år, og overnatting i samband med konsertane må arrangerast på eige initiativ. 

Det er mange flotte overnattingsplassar i området:

Mjømna Bil- og Båtferie er det oppstillingsplassar for bubil og campingvogn.

På Byrknes ligg Tausevågen Marina som har oppstillingsplass for bubil og campingvogn.

I Masfjorden ligg Nautesund Camping med oppstillingsplass og hytteutleige.

hotellet i Eivindvik kan du tinge rom. 

Nautesund Camping har og hytter til utleige.

Transport til/frå Skjerjehamn

Det er mogleg å parkere på parkeringsplassen på Randal og det blir sett opp gratis shuttlebuss frå parkeringsplassen til Skjerjehamn i samband med konsertane. Shuttlebussen går til Skjerjehamn i tidsrommet 17:30-20:30 og køyrer retur i tidsrommet 21:30-01:00.

Transport utanom dette må arrangerast på eige initiativ. Telefonnummeret til Gulen Taxi er 57 78 31 00 (tasteval 4) / 941 61 089.