Kvelertak til Utkant

Noregs tøffaste rockeband er klare for Utkant.

Det internasjonalt anerkjente, og etter kvart legendariske rockebandet, Kvelertak avsluttar fredagen på Kongescena på Utkant`21. Også AURORA, Store P, Miss Tati´s Angola70 og Signe Marie Rustad er klare for festivalen på Skjerjehamn siste helga i juli.

Trur på festival

Trude Pedersen i styret håpar det vert mogleg med festival siste helga i juli.

– Me trur mange treng noko kjekt å sjå fram mot i desse tider. Det å kunne planleggje for god musikk, gode vener og god stemning på Skjerjehamn er utruleg gjevande. Så me kryssar fingrane for at me kan avhalde Utkant i sommar, seier Trude Pedersen i Utkant.

Ho er snar med å leggje til at dei sjølvsagt føl nøye med på råd og reglar frå myndigheitene og har planar for korleis Utkant kan avviklast innanfor ulike scenarioar.

-Erna varsla i redgjersla si for Stortinget onsdag førre veke at det ville komme retningslinjer for festivalar i byrjinga av mai. For Utkant, som arrangerast i slutten av sommarferien, håper me at vaksineringa er komen så langt og smittetala er så låge at me kan lage festival.

-Sprutar meir enn nokon gong

Før påske vart det klart at AURORA spelar på Kongescena torsdag 29.juli. Og festivalen i havgapet har sikra seg fleire store, norske artistar.

-Kvelertak vert definitivt ein høgdare! Hardtslåande musikk og med eit sceneshow ein berre må få med seg, vert dette ein perfekt avslutning på festivalfredagen, seier Trude Pedersen.

Kvelertak rakk akkurat å sleppe sitt fjerde album «Splid» i februar 2020 før koronaen sette ein effektiv stoppar for live-konsertar. No gler dei seg til å møte publikum att med sin nye vokalist Ivar Nikolaisen, som frå før er kjend frå banda Silver og The Good The Bad and The Zugly.

-Ivar bidreg til at me no framstår som eit revitalisert band med ein heilt ny energi. Kvelertak spruter meir no enn nokon gong, fastsler gitarist Vidar Landa.

Prisvinnande artistar

Som tidlegare år, er det fleire av Utkant-artistane som er heidra med Spellemannprisar. Ei av dei er Signe Marie Rustad som går på Dronningscena torsdag 29. juli.

Signe Marie Rustad (Foto: Marthe Amanda Vannebo)

-Albuma hennar har vorte lovpriste av anmeldarar og dei dreg parallellar til artistar som Joni Mitchell, Gillian Welch, Emmilou Harris, Darling West og Claudia Scott. Me gler oss stort til å oppleve ho live, seier Trude Pedersen.

Bergensartisten Store P (Foto: Sjur Pollen)

Bergensartisten Store P slo gjennom som ein fløyelsmjuk knyttneve med solodebuten «Regnmannen» i 2014. Sidan den gong

har han hausta både toppkarakterar for musikken sin og også han har vorte heidra med Spellemannpris. Store P spelar på Kongescenen torsdag 29.juli.

Storband og feststemning

Miss Tati´s Angola70 skal få det til å rykke i dansefoten. (Foto: Sondre Eriksen)

Laurdag er det Miss Tati´s Angola70 som skal fyre opp stemninga i festivalpublikummet. Miss Tati er jo i seg sjølv eit fyrverkeri på scena, men når ho no kjem med sitt siste prosjekt, Angola70, rykkjar det nok i dansefoten til dei traustaste gulingane og.

-I 2019 starta Miss Tati prosjektet Angola70. Det er eit 11 personars storband som spiller det beste av angolsk popmusikk frå 70-tallet. Det kan jo ikkje bli anna enn godstemning med stor G, seier Trude Pedersen.

 

Av Utkant/Linn Dyveke Wilberg