Michelle Ullestad
Michelle Ullestad har vore på radaren det siste året som ein spennande nykommar i det norskspråklege popuniverset. Ho debuterte i 2019 med den vakre, personlege og upolerte låten “Åpen Igjen” som var første singel frå debuten hennar EP “Det var litt mørkt der ein peroiode eller noe”. Dei usedvanlege ærlege tolkingane hennar og skildringar av dei mange utfordringane i livet har hausta entusiastiske meldingar og lovord i norsk presse og bransje.
I etterkant at Vill Vill Vest 2021 signerte ho med det bergensbaserte plateselskapet GEMS, der ho i november gav ut singelen “Emilie”. Singelen vart utnemnd som vekas låt hos P3, og lista på P1. “Emilie” var også låten som førte til at Michelle vart månadens urørt i janaur 2022. I april same år sleppte Ullestad sin
andre EP “SOL” som hausta gode kritikkar og alle singlane har vorte lista på nasjonal radio.