SISTE FRIST: Dei billigaste billettane får du i kveld!

Denne veka har Utkant endeleg sluppe 6 av 16 artistar til UTKANT ’22!

Staysman, Synne Vo, Chris Holsten, The Dogs, SKAAR og Ka2 er allereie å sjå på plakaten. Eit variert program med noko for ein kvar, over nyttår kjem det enda fleir både godt kjende og spanande talent.

Staysman er ein av headlinerane for Utkant ’22. Foto: Pressefoto

No gir vi publikum moglegheita til å spare pengar og kjøpe Early Bird billettar. Dei billigaste billettane får du i kveld! Utkant sine billigaste billettar HER!

Utkant-gjengen gler seg stort til å bli enda betre kjent med dykk. Me håpar og trur artistane og publikum får danse, synge, klemme og nyte Skjerjehamn på sitt aller aller beste.

Ha ei fin førjulstid :)