Slapp av under Utkant med ein deilig time i sauna!

Å vere på festival er gøy, men hektisk! Av og til er det deilig å kunne trekkje seg litt tilbake og ta det med ro ei stund.

På Utkant kan du gjere nettopp det, for i år har vi nemlig fått Eldrime Badstue og deira mobile sauna med på laget, og dei stiller opp med ein liten fredeleg oase der du kan ta livet med ro og lade opp til neste festivaletappe!

Nyt ei 40-minutters eller ei 1,5-times badstuøkt for å friske opp kropp og sinn.

Hugs badetøy og håndkle!

OPNINGSTIDER:

Torsdag: 17-19

Fredag: 12-19

Laurdag: 12-19

 

PRISAR:

40 minutter 80 kr
90 minutter 130 kr

Billettar kjøpast på staden, ingen førehandssal.