Stillingsutlysing: Artistansvarleg

Utkant søkjer artistansvarlig. Som artistansvarleg vil du jobbe tett saman med resten av festivalleiinga, og stillinga er organisert direkte under festivalsjefen. Du vil ha hovudansvaret for artistane sitt ve og vel, og du skal sikre at dei får ei minneverdig tid på Utkant. 

Ytst i havgapet ved munninga til Sognefjorden har majesteten av festivalar, Utkant, blitt arrangert dei siste 13 åra. Utkant finn stad siste helga i juli på vakre Skjerjehamn der statuen av Kong Olav V sit på fremste rad og ser utover skjergarden og rockar til god musikk.

På Utkant finn du ei herleg blanding av lokale heltar, tilreisande båtfolk, gamle travarar og unge håpefulle. På Utkant har me ein variert og brei musikkprofil med kvalitetsartistar frå pop – og rockeverda, frå både innland og utland. Me vil ha folkekjære namn på scena, og vil satse ekstra på lokale artistar og nye stjerneskot. Utkant skal ha noko for alle. Utkant skal vere ei hamn å søkje til kvart år, og målet er å arrangere ein festival folk blir glad i og kjem tilbake til. Utkant er rett og slett heilt konge!

Utkant trekk til seg omlag 13 000 ivrige festivalgåarar i løpet av festivalhelga, som varer frå torsdag til laurdag. No er me på jakt etter ein artistansvarlig som skal ha det overordna ansvaret for våre artistar.

Som artistansvarleg vil du jobbe tett saman med resten av festivalleiinga, og stillinga er organisert direkte under festivalsjefen. Du vil ha hovudansvaret for artistane sitt ve og vel, og du skal sikre at dei får ei minneverdig tid på Utkant.

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna artistansvar som reise, opphald, catering, transport og øvrig oppfølging
  • Rekruttering av artistvertar, som vil være ditt team under gjennomføringa
  • Koordinere alt som har med artisane å gjere med logistikkansvarleg
  • Ha ansvar for backstage, både rigging før festivalen og under festivalen

Ønskja personlege eigenskapar:

  • Evne til å jobbe sjølvstending, strukturert og nøyaktig
  • Du må vere initiativrik og ha gode samarbeidsevne
  • Du må være utadvendt, like mennesker, takle utfordringar på strak arm og vere ein god motivator
  • Ha gode kommunikasjonsevne og vere organisert
  • Halde hovudet kaldt når det er mykje som skjer samtidig, og handtere ulike situasjonar som oppstår på ein god måte
  • Stor arbeidskapasitet

Kvalifikasjoner:

  • Ha interesse og forståing for å jobbe med menneske
  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Evne til å jobbe strukturert
  • Gode organisatoriske ferdigheiter

Me tilbyr:

  • En festival i vekst, med enormt utviklingspotensiale som du kan være med å påvirke
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, med høve til stor grad av påverknad
  • Eit spennande lokalsamfunn å spele på lag med
  • Uregelmessig arbeidstid og tidsvis høgt arbeidspress
  • Lønn etter avtale

Dette er ei tidsavgrensa prosjektstilling. Me ønskjer gjerne søkjarar som vil jobbe med oss gjennom fleire sesongar. Engasjementet vil starte med opplæring og innføring så snart nokon er tilsett i stillinga, med opptrapping av engasjementet fram mot festivalen i juli. Det blir forventa at du jobbar sjølvstendig og målretta fram mot festivalen, og at du er operativ heile veka/helga under gjennomføring av festivalen i slutten av juli. Du må rekne med uregelmessig arbeidstid. Vi forventar at personen som er tilsett kan opphalde seg i Gulen i vekene før festivalen.

Søknadsfrist: 21.04.21, oppstart så snart som råd. Søknader vurderast fortløpande.

Send søknad til trude@utkant.com

Kontaktperson:

Trude Birknes Pedersen (styremedlem), tlf. 993 25 572