Stillingsutlysing festivalsjef

Ytst i havgapet ved munninga til Sognefjorden har majesteten av festivalar, Utkant, blitt arrangert dei siste 13 åra. Utkant finn stad siste helga i juli på vakre Skjerjehamn der statuen av Kong Olav V sit på fremste rad og ser utover skjergarden og rockar til god musikk. 

På Utkant finn du ei herleg blanding av lokale heltar, tilreisande båtfolk, gamle travarar og unge håpefulle. På Utkant har me ein variert og brei musikkprofil med kvalitetsartistar frå pop – og rockeverda, frå både innland og utland. Me vil ha folkekjære namn på scena, og vil satse ekstra på lokale artistar og nye stjerneskot. Utkant skal ha noko for alle. Utkant skal vere ei hamn å søkje til kvart år, og målet er å arrangere ein festival folk blir glad i og kjem tilbake til. Utkant er rett og slett heilt konge! 

Utkant trekkjer til seg omlag 13 000 ivrige festivalgåarar i løpet av festivalhelga, som varer frå torsdag til laurdag. No er me på jakt etter ny festivalsjef, som kan styre skuta trygt i hamn. Me er på jakt etter deg med stor motivasjon, kreativitet og ein stå-på vilje utan sidestykke. 

Arbeidsoppgåver

Vi tilbyr ei svært spennande og utfordrande stilling, i ein ambisiøs festivalorganisasjon i rivande utvikling. Du må rekne med til dels svært hektiske og arbeidskrevjande periodar, samstundes som du får ein fleksibel og dynamisk arbeidskvardag. Som festivalsjef for Utkant har du det overordna kunstneriske, administrative og økonomiske ansvaret for drifta og utviklinga av festivalen. Festivalsjef rapporterer direkte til styret.

Du vil mellom anna få ansvar for å: 

  • Organisere og produsere alt som må vere på plass for å få i hamn eit vellukka arrangement 
  • Leggje opp ein strategi for arbeid mot partnarar, samarbeidsaktørar og offentlege institusjonar 
  • Vere Utkant sitt ansikt utad 
  • Følgje opp Utkant sine ulike forpliktingar i lokalsamfunnet, og oppretthalde den lokale entusiasmen for festivalen 
  • Følgje opp prosjekttilsette og bygge team 
  • Utvikle Utkant sin musikalske profil 
  • Utvikle Utkant som festival og organisasjon 

Kvalifikasjonar og eigenskapar: 

  • Gode kommunikasjonsevner 
  • Vere ein lagspelar og trivast med å samarbeid med andre 
  • Erfaring med arrangementsproduksjon 
  • God økonomisk forståing 
  • Jobbe sjølvstendig og finne løysingar på nye utfordringar 
  • Vere ein tydeleg og synlig leiar, som kan styre festivalen i ein klar retning og med ein tydelig visjon 
  • Strukturert og systematisk, gjerne med erfaring frå logistkk 
  • Ha stort engasjement for jobben 
  • Fleksibel når det gjeld arbeidstid og arbeidsstad 

Me tilbyr: 

  • Ein festival i vekst med enormt utviklingspotensiale som du kan vere med å påvirke 
  • Eit spennande lokalsamfunn å spele på lag med 
  • Uregelmessig arbeidstid og tidvis høgt arbeidspress 
  • Lønn og stillingsprosent etter avtale* * I første omgang er det snakk om tilsetjing i 50%, med høve for ei auke i stillingsprosent i takt med Utkant si vidare utvikling og behov. På grunn av den usikre situasjonen knytt til koronapandemien vil det bli ein eigen stillingsprosent for Utkant’21. 

Utkant nyttar nynorsk i sin kommunikasjon med publikum, sponsorar og artistar og det er ein fordel om du er komfortabel med nynorsk. Det er likevel ikkje eit krav, men arbeidsspråket er nynorsk. Stillinga er ikkje nødvendigvis knytt til Ytre Gulen, og arbeidsstad kan vere kvar som helst. Det er likevel viktig å kunne vere synleg i lokalmiljøet, og den som blir tilsett må vere på plass i Ytre Gulen i vekene før/etter festivalen. 

Vi vil leggje stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte i stillinga, i tillegg til rett motivasjon og sterk vilje. 

Søknadsfrist: 12.04.21, oppstart så snart som råd. Søknader vurderast fortløpande. 

Send søknad til trude@utkant.com 

Kontaktperson: 

Trude Birknes Pedersen (styremedlem), tlf. 993 25 572