Stillingsutlysing: Frivilligansvarleg

Utkant er på jakt etter ein frivilligansvarleg som kan rekruttere, koordinere og motivere våre frivillige fram mot festivalen. Våre frivillige er maskineriet i festivalen og me treng ein person som kan ta godt vare på dei. Som frivilligansvarleg vil du jobbe tett saman med resten av festivalleiinga, og stillinga er organisert direkte under festivalsjefen.

Ytst i havgapet ved munninga til Sognefjorden har majesteten av festivalar, Utkant, blitt arrangert dei siste 13 åra. Utkant finn stad siste helga i juli på vakre Skjerjehamn der statuen av Kong Olav V sit på fremste rad og ser utover skjergarden og rockar til god musikk.

På Utkant finn du ei herleg blanding av lokale heltar, tilreisande båtfolk, gamle travarar og unge håpefulle. På Utkant har me ein variert og brei musikkprofil med kvalitetsartistar frå pop – og rockeverda, frå både innland og utland. Me vil ha folkekjære namn på scena, og vil satse ekstra på lokale artistar og nye stjerneskot. Utkant skal ha noko for alle. Utkant skal vere ei hamn å søkje til kvart år, og målet er å arrangere ein festival folk blir glad i og kjem tilbake til. Utkant er rett og slett heilt konge!

Utkant trekk til seg omlag 13 000 ivrige festivalgåarar i løpet av festivalhelga, som varer frå torsdag til laurdag. No er me på jakt etter ein frivilligansvarleg som kan rekruttere, koordinere og motivere våre frivillige fram mot festivalen. Våre frivillige er maskineriet i festivalen og me treng ein person som kan ta godt vare på dei. Som frivilligansvarleg vil du jobbe tett saman med resten av festivalleiinga, og stillinga er organisert direkte under festivalsjefen.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Ha det overordna ansvaret for å kartleggje bemanningsbehov for festivalen, og deretter rekruttere inn frivillige basert på dette
  • Fordele frivillige på ulike arbeidsoppgåver og sjå til at det blir gitt tilstrekkeleg opplæring
  • Ha all kommunikasjon med dei frivillige før og undervegs i festivalen
  • Vere bindeleddet mellom områdesjef og frivillige og passe på at behovet for bemanning er dekka på ein forsvarleg måte under festivalen
  • Skape eit godt miljø for dei som er på jobb og passe på at alle har det dei treng av både utstyr og informasjon

 

Ønskja personlege eigenskapar:

  • Evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og nøyaktig
  • Du må vere initiativrik og ha gode samarbeidsevne
  • Du må vere utadvendt, like menneske, takle utfordringar på strak arm og vere ein god motivator
  • Ha gode kommunikasjonsevner og vere organisert
  • Halde hovudet kaldt når det er mykje som skjer samtidig og handtere forskjellige situasjonar som oppstår på ein god måte
  • Stor arbeidskapasitet

Kvalifikasjonar:

  • Ha interesse og forståing for å jobbe med menneske
  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Evne til å jobbe strukturert
  • Gode organisatoriske ferdigheiter

Me tilbyr:

  • Ein festival i vekst med enormt utviklingspotensiale som du kan vere med å påvirke
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, med høve til stor grad av påverknad
  • Eit spennande lokalsamfunn å spele på lag med
  • Uregelmessig arbeidstid og tidvis høgt arbeidspress
  • Lønn etter avtale

Dette er ei tidsavgrensa prosjektstilling. Me ønskjer gjerne søkjarar som vil jobbe med oss gjennom fleire sesongar. Engasjementet vil starte med opplæring og innføring så snart nokon er tilsett i stillinga, med opptrapping av engasjementet fram mot festivalen i juli. Det blir forventa at du jobbar sjølvstendig og målretta fram mot festivalen, og at du er operativ heile veka/helga under gjennomføring av festivalen i slutten av juli. Du må rekne med uregelmessig arbeidstid. Vi forventar at personen som er tilsett kan opphalde seg i Gulen i vekene før festivalen.

Søknadsfrist: 21.04.21, oppstart så snart som råd. Søknader vurderast fortløpande.

Send søknad til trude@utkant.com

Kontaktperson:

Trude Birknes Pedersen (styremedlem), tlf. 993 25 572