Stillingsutlysing: SoMe-ansvarleg

Er du god på sosiale media, endå betre på nynorsk og har litt ekstra tid til overs? Sjå her! 

Kommunikasjonsansvarleg, digital markedsførar, tekstforfattar og kreativ innhaldsprodusent – kjær kollega har mange namn.

Utkant leitar etter ein engasjert og idérik person, som skal halde i våre kanalar på sosiale media.

Dette er ein nyoppretta prosjektstilling, og du vil ha gode moglegheiter til å påverke og stake ut ein kurs for vår digitale markedsføring. Stillinga er ekstremt fleksibel, og kan gjerast frå kor enn du måtte befinne deg. Det einaste kriteriet er at du er på plass på Skjerjehamn når Utkant går av staben.

I rolla vil du ha ansvar for å planlegge, produsere og publisere innhald i nemnte kanalar, og du bør ha kunnskap om kva som skaper engasjement og rekkevidde.
Utkant nyttar nynorsk i sin kommunikasjon, og det er viktig at du er ein resar på landsmålet, og kan nytte dette lett og ledig i ein humoristisk tone som fangar Utkant-ånda.

Som person er du eit typisk ja-menneske som elskar å ta tak i nye utfordringar. Du er strukturert, har høg arbeidsmoral og gjennomføringsevne. Du skal skaper eit engasjement rundt Utkant året rundt. Du trivst med å jobbe sjølvstendig, men er også god med folk og fe.

Du er nøyen, og har eit godt auge for detaljer.

Du vil mellom anna få ansvar for å: 

  • Lage og koordinere lanseringsplan for SoMe i samråd med Presseansvarlig
  • Vere bevisst på bruken av grafisk profil
  • Jobbe strukturert og med langsiktig planlegging
  • Vere operativ under festival – skape innhald, halde oppsyn med SoMe og ta unna eventuelle spørsmål/andre henvendelser som kjem

Kvalifikasjoner

  • Kunnskap om video, inkludert filming og enkel redigering i f.eks. Final Cut
  • Kunnskap om fotografering og enkel bildebehandling i Photoshop
  • Kjennskap til Facebook, Instagram og YouTubes publiseringsverktøy
  • Gode språkkunnskapar på både norsk og engelsk
  • Trygg på nynorsk

Dette er ei tidsavgrensa prosjektstilling. Me ønskjer gjerne søkjarar som vil jobbe med oss gjennom fleire sesongar. Engasjementet vil starte med opplæring og innføring så snart nokon er tilsett i stillinga, med opptrapping av engasjementet fram mot festivalen i juli. Det blir forventa at du jobbar sjølvstendig og målretta fram mot festivalen, og at du er operativ heile veka/helga under gjennomføring av festivalen i slutten av juli. Du må rekne med uregelmessig arbeidstid. Vi forventar at personen som er tilsett kan opphalde seg på Skjerjehamn under sjølve gjennomføringa.

Vi tilsett så snart me har funnet rett person, så ikkje vent med å sende inn søknad om du syns dette verkar spennande!

Vil du vete meir om stillinga, skrik ut! (Du kan også å ta kontakt med styremedlem Trude Pedersen på tlf. 99325572)