Stillingsutlysing: Områdesjef

Utkant trekk til seg omlag 13 000 ivrige festivalgåarar i løpet av festivalhelga, som varer frå torsdag til laurdag. No er me på jakt etter ein områdesjef som kan sørge for optimal utnytting av festivalområdet.

Ytst i havgapet ved munninga til Sognefjorden har majesteten av festivalar, Utkant, blitt arrangert dei siste 13 åra. Utkant finn stad siste helga i juli på vakre Skjerjehamn der statuen av Kong Olav V sit på fremste rad og ser utover skjergarden og rockar til god musikk.

På Utkant finn du ei herleg blanding av lokale heltar, tilreisande båtfolk, gamle travarar og unge håpefulle. På Utkant har me ein variert og brei musikkprofil med kvalitetsartistar frå pop – og rockeverda, frå både innland og utland. Me vil ha folkekjære namn på scena, og vil satse ekstra på lokale artistar og nye stjerneskot. Utkant skal ha noko for alle. Utkant skal vere ei hamn å søkje til kvart år, og målet er å arrangere ein festival folk blir glad i og kjem tilbake til. Utkant er rett og slett heilt konge!

Utkant trekk til seg omlag 13 000 ivrige festivalgåarar i løpet av festivalhelga, som varer frå torsdag til laurdag. No er me på jakt etter ein områdesjef som kan sørge for optimal utnytting av festivalområdet.

Som områdesjef vil du jobbe tett saman med resten av festivalleiinga, og stillinga er organisert direkte under festivalsjefen. Du vil ha hovudansvaret for å byggje opp festivalområdet i veka før festivalen, passe på at alt fungerer som det skal under gjennomføringa og rigge ned området når festivalen er ferdig.

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna ansvar for opprigg og nedrigg av festivalområdet
  • Utarbeide ein riggplan i samarbeid med festivalsjefen
  • Leie eit team av frivillige som skal være ansvarlig for å holde tidsskjema gjennom riggveka og sørge for at området er klar til festivalstart

Ønskja personlege eigenskapar:

  • Evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og nøyaktig
  • Du må vere initiativrik og ha gode samarbeidsevne
  • Du må vere utadvendt, like mennesker, takle utfordringar på strak arm og vere ein god motivator
  • Ryddig og praktisk sans
  • Ha gode kommunikasjonsevne og vere organisert
  • Du må vere driftig og kunne løyse praktiske utfordringar som oppstår og sjå moglegheiter der andre ikke gjer det
  • Stor arbeidskapasitet

Kvalifikasjonar:

  • Ha interesse og forståing for å jobbe med menneske
  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Evne til å jobbe strukturert
  • Gode organisatoriske ferdigheiter
  • Du må ha ei praktisk tilnærming og kunne handtere arbeidsverktøy

Me tilbyr:

  • En festival i vekst, med enormt utviklingspotensiale som du kan være med å påvirke
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, med høve til stor grad av påverknad
  • Eit spennande lokalsamfunn å spele på lag med
  • Uregelmessig arbeidstid og tidvis høgt arbeidspress
  • Lønn etter avtale

Dette er ei tidsavgrensa prosjektstilling. Me ønskjer gjerne søkjarar som vil jobbe med oss gjennom fleire sesongar. Engasjementet vil starte med opplæring og innføring så snart nokon er tilsett i stillinga, med opptrapping av engasjementet fram mot festivalen i juli. Det blir forventa at du jobbar sjølvstendig og målretta fram mot festivalen, og at du er operativ heile veka/helga under gjennomføring av festivalen i slutten av juli. Du må rekne med uregelmessig arbeidstid. Vi forventar at personen som er tilsett kan opphalde seg i Gulen i vekene før festivalen.

Søknadsfrist: 21.04.21, oppstart så snart som råd. Søknader vurderast fortløpande.

Send søknad til trude@utkant.com

Kontaktperson:

Trude Birknes Pedersen (styremedlem), tlf. 993 25 572