Stillingsutlysing: Partnaransvarleg

Me søkjer ein partnaransvarleg som skal vere bindeledd mellom festivalen og Utkant sine verdifulle partnarar. Du får i tillegg ansvar for å knytte endå fleire partnarar til Utkant. Partnaransvarleg vil jobbe tett saman med resten av festivalleiinga, og stillinga er organisert direkte under festivalsjefen.

Ytst i havgapet ved munninga til Sognefjorden har majesteten av festivalar, Utkant, blitt arrangert dei siste 13 åra. Utkant finn stad siste helga i juli på vakre Skjerjehamn der statuen av Kong Olav V sit på fremste rad og ser utover skjergarden og rockar til god musikk.

På Utkant finn du ei herleg blanding av lokale heltar, tilreisande båtfolk, gamle travarar og unge håpefulle. På Utkant har me ein variert og brei musikkprofil med kvalitetsartistar frå pop – og rockeverda, frå både innland og utland. Me vil ha folkekjære namn på scena, og vil satse ekstra på lokale artistar og nye stjerneskot. Utkant skal ha noko for alle. Utkant skal vere ei hamn å søkje til kvart år, og målet er å arrangere ein festival folk blir glad i og kjem tilbake til. Utkant er rett og slett heilt konge!

Utkant trekk til seg omlag 13 000 ivrige festivalgåarar i løpet av festivalhelga, som varer frå torsdag til laurdag. No er me på jakt etter ein partneransvarlig som skal vere bindeleddet mellom festivalen og Utkant sine verdifulle partnarar. Du får i tillegg ansvar for å knytte endå fleire partnarar til Utkant. Partnaransvarleg vil jobbe tett saman med resten av festivalleiinga, og stillinga er organisert direkte under festivalsjefen.

Arbeidsoppgåver:

  • Døme på arbeidsoppgåver er å følgje opp og ivareta relasjonen til eksisterande partnarar og å gjere innsalg til nye partnarar
  • Ansvarleg for å halde partnararrangement under festivalen
  • Utarbeide idéar og sjansar for partnarar til å vise seg fram på festivalen
  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av VIP-området under festivalen
  • Leie eit team av frivillige før og under festivalen

Ønskja personlege eigenskapar:

  • God på formidling og innsalg
  • Evne til å jobbe sjølvstending og nøyaktig
  • Du må vere initiativrik, idérik og ha gode samarbeidsevne
  • Analytisk, strukturert, kreativ og resultat-/løysingsorientert
  • Organisert, og ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Stor arbeidskapasitet og takle utfordringar på strak arm

Kvalifikasjoner:

  • Ha interesse og forståing for å jobbe med menneske
  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Evne til å jobbe strukturert
  • Gode organisatoriske ferdigheiter

Me tilbyr:

  • Ein festival i vekst med enormt utviklingspotensiale som du kan vere med å påvirke
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, med høve til stor grad av påverknad
  • Eit spennande lokalsamfunn å spele på lag med
  • Uregelmessig arbeidstid og tidvis høgt arbeidspress
  • Lønn etter avtale

Dette er ei tidsavgrensa prosjektstilling. Me ønskjer gjerne søkjarar som vil jobbe med oss gjennom fleire sesongar. Engasjementet vil starte med opplæring og innføring så snart nokon er tilsett i stillinga, med opptrapping av engasjementet fram mot festivalen i juli. Det blir forventa at du jobbar sjølvstendig og målretta fram mot festivalen, og at du er operativ heile veka/helga under gjennomføring av festivalen i slutten av juli. Du må rekne med uregelmessig arbeidstid. Vi forventar at personen som er tilsett kan opphalde seg i Gulen i vekene før festivalen.

Søknadsfrist: 21.04.21, oppstart så snart som råd. Søknader vurderast fortløpande.

Send søknad til trude@utkant.com

Kontaktperson:

Trude Birknes Pedersen (styremedlem), tlf. 993 25 572