Synne Vo
Synne Vo er ein 22 år gammal artist og låtskrivar frå Lesja i Gudbrandsdalen. Med den sjarmerande dialekten sin formidlar ho kvardagslege tekstar i eit organisk og fengande lydbilde. Eit framifrå friskt pust på den norske popmusikk-scena, og ein artist vi kjem til å høyre mykje frå og på i framtida.
Synne delar historiar frå eit ungpike-liv med opplevingar og tankar ein kan relatere seg med. Ho har brukt koronatida på å skape hits som «Seksten», «Ikkje tenk på meg», «Dei e OK um du gløyma me» og den siste låten hennar «Spagetti for to» som alle har gått på repeat oss dei fleste nasjonale radiokanalane.
30. juli syng Synne Vo på Utkant!