Utkant ligg på Skjerjehamn, i Gulen kommune. Skjerjehamn ligg nord for Bergen, 2 timar om du kjem med bil, og ca 1t og 20min om du kjem med hurtigbåt (rutebåt). Sjå kart her, og korleis du kjem deg til Utkant under her:

Eigen bil/båt

KOM MED DIN EIGEN BÅT

Billettar til båthamna kjøper du her.
Kva hadde Utkant vore utan det yrande båtlivet?  Plott inn 60°56′32,4″N 4°57′17,6″Ø på kartplottaren og ta turen! Det er stor kapasitet i hamna i Skjerjehamn. Vårt hamnelag vil sikre ei forsvarleg og god plassering av båtane og det forventast at båtførar følgje instruksane frå hamnevakta. Det er mogleg å reservere plass i hamna. Plassering bestemmast av hamnesjefen ved ankomst. Fordi det er svært mykje båtar i hamna denne helga er det begrensa moglegheit for å gje landstraum eller vatn til båtane. Alle ombord i båtane må ha gyldig festivalbillett.

Båtskjema må fyllast ut, det finn du her.

PARKERING

Vi gjer merksam på at du kan ikkje køyre heilt fram til festivalen. Du vil ved ankomst verte henvist til parkering på Mjåsundet næringspark ved Mjåsundbrua (trykk for kart).

Parkeringsbevis kan du kjøpe på førehand eller ved ankomst. Om du førehandsbestiller må du skrive det ut og legge det i frontruta.

Det går shuttlebuss frå parkeringsplassen inn til festivalområdet.

Parkering inkl. shuttle for sjåfør:
110,- pr døgn eller 220,- for heile helga

Shuttle for passasjerer: 85,- tur/retur 

Båttaxi

Fonnes båtservice har 24 timars døgnservice . På bestilling kan dei hente og bringe våre gjester både fjernt og nært. Båtane har plass til 12 og 18 passasjerar. Perfekt for mindre grupper som vil gjere reisa til ei oppleving og ønskjer større fleksibilitet. Kontakt Fonnes Båtservice for booking: Vakttelefon: 91 60 61 57 / 95 78 44 11 tommy@fonnesbatservice.no

Kollektivtransport

Norled sine ekspressbåtar Bergen – Nordfjord og Bergen – Sogn går forbi to gongar om dagen. Frå Bergen til Skjerjehamn tek det ca. 1,5 time med båt. Båten stoppar i Skjerjehamn alle dagar under Utkant.

BÅTRUTER


- Rute 1 Mjømna-Skjerjehamn - Billettar
- Rute 2 Eivindvik-Skjerjehamn - Billettar
- Rute 3 Mastrevik-Skjerjehamn (en avgang til Vardetangen lørdag) - Billettar
- Rute 4 Furnes-Skjerjehamn - Billettar

BUSS

Bussbillettar blir lagt ut seinast i to månedar før festival.

Billetter til buss må forhåndsbestilles!

For å kome til Utkant oppmodar me flest mogleg å nytte offentleg transport. Det er sett opp eigne lokale bussruter, til og frå festivalområdet.

I tillegg går det shuttlebuss frå parkeringsplassen ved Mjåsundet Næringspark kontinuerlig gjennom festivalen.

Rabattar:

Ungdom 13-19 år kan nytta rabattkode UNG (sponset av LTU).
OBS! Skal du ha vanlege billetter i tillegg må du foreta to bestillingar, ein for ungdom og ein for vaksne.

Buss heile helga? Då får du den siste billetten gratis i billettsystemet.


FRÅ BERGEN TIL SKJERJEHAMN MED BIL

Det tek knappe 2 timar å køyre frå Bergen til Skjerjehamn med bil. Køyr mot Knarvik og ta av til Mongstad på riksveg 57. På Mongstad (Leirvåg) går det ferje kvart over kvar heile time. Ferga tek ca. 20 minuttar. Følg så skiltinga til Byrknes og ta av før Mjåsundbrua til Skjerjehamn.
Ferjetider finn du her.

FRÅ SUNNFJORD TIL SKJERJEHAMN MED BIL

Etter ferja Lavik – Oppedal tek du av vegen ved Kringla. Køyr deretter først mot Duesund og så mot Rutledal. Ta av til Sløvåg. Følg så skiltinga til Byrknes og ta av før Mjåsundbrua til Skjerjehamn.

 

Lykke til og køyr forsiktig!