Utkant’21 er avlyst 💔

Det er med stort vemod me må innsjå at det ikkje let seg gjere å arrangere Utkant i år på den måten som Utkant bør arrangerast. Me har venta i det lengste, kryssa fingrar og tær og håpa hardare enn nokon gong på at viruset ville spele på lag og sleppe taket. Det har dessverre ikkje skjedd.

Men fortvil ikkje! Sjølv om ting er litt trått akkurat no, så ikkje stryk ut «helg på Skjerjehamn» frå kalendaren heilt enno. Me er i full gong med alternative planar – og sol og sommar vert det uansett🤞🌞 Meir informasjon kjem plutseleg, så følg med!

I mellomtida håper me de heldt dykk friske og raske og at Utkant-ånden lev vidare fram til me klemmast igjen. Det skjer på Utkant’22, 28. – 31. juli 2022. Då vert det nok ein gong magisk stemning, lystige tonar, varme smil og vaffellukt frå kiosken på Skjerjehamn.

Alle billettar kjøpt til Utkant’20 og Utkant’21 blir vidareførte til Utkant’22.

Det er og mogleg å få refundert billetten ved å registrere deg i dette skjema.