
Aktuelt
Aktuelt
Bli frivillig?
Vil du vera med oss å laga festival?
Så kjekt!<3
Me treng folk til mange forskjellige oppgåver! Du treng ingen spesiell erfaring, berre godt humør og stå-på-vilje!
No kan du kjøpe bussbillettar til og frå festival!
Hugs - det er viktig å kjøpe billlett til buss på førehand, så er du garantert å komme med om det blir fullt!
Ta med deg heile familien på laurdagen på Utkant og opplev magi på trylleshow, såpebobledisco, konsert med Julie Greve og spennande skattejakt med Skjerjehamns eigne sjørøvarar!🤩
Program frå kl. 12:00 - 14:00🌞
Me set opp bussar frå kl 11:00 frå parkeringsplass på Mjåsundet Næringspark, og tilbake att når programmet er ferdig!
Plutseleg er det sommar!
Det vil seie at me går opp til sommarprisar på festivalbillettar.
Skund deg å sikre deg billigbillett mens det framleis er mogleg!✌️
Det er framleis ope for å melde seg som frivillig!
Å vere frivillig er den kjekkaste måten å oppleve ein festival på, spør du oss! Då får du gå på festival heilt gratis, og dessutan får du bidra til at den blir til, saman med mange andre kjekke frivillige og crew.
Bli frivillig i år, og få ei festivaloppleving med ekstra meining!
Årets plakat er fyllt opp, og sånn ser den ut!
Me har så mykje gøy på programmet i år! I tillegg til konsertar blir det stand up, noko for dei minste og mykje anna gøy!
Laurdag 1. mars stig prisen på festivalpass!
Dersom du vil sikre deg eit festivalpass til tidlegpris er det berre å hive seg rundt!
Hugs at dersom du har kjøpt billett til båthamna, må du også ha gyldig festivalbillett.
Neste prisstigning er 1. juni.
Billettar finn du her!👇
Endeleg!
Båtpass ligg no ute for sal! Det er avgrensa plass i hamna, og difor blir vi som regel utseld for desse ganske fort. Så her gjeld det å skunde seg!
Sikre deg billettar i dag, så er det berre å sale opp og ri bølgjene til vestlandets finaste festival når sommaren kjem!⛵️🌞
Maria Mena og Beathoven er allereie ute av sekken, og fleire artistslepp kjem i vekene etter nyttår.
Følg med!😎
Hugs at det blir prisstigning utover våren, så det er lurt å sikre seg festivalbillett til 2025 allereie no!🤘
Me treng folk til mange forskjellige oppgåver! Du treng ingen spesiell erfaring, berre godt humør og stå-på-vilje!