ÅSANE CITY

ÅSANE CITY har eit mål om å setje Noregs største bydel på kartet, og dei starta sterkt ut ved å byrje å selje ut konsertar før dei i det heile tatt rakk å sleppe musikk. Rapgruppa frå Bergens nordligaste bydel har på kort tid fanga mykje merksemd i den Bergenske jungeltelegrafen på grunn av si autentiske tilnærming til musikken og deira forrykande liveshow. Etter fjorårdets Vill Vill Vest der dei fylte hovudsalen i Kulturhuset og stod att som ein av dei klare publikumsfavorittane, var det åpenbart at dette er noko me vil sjå meir av!

Åsane City ga ut si debutplate i juni i fjor med mykje ros frå publikum og anmeldarar, og dei er blant anna inspirerte av Bergensrap-heltar som Lars Vaular og A-laget.

No er dei klare for å ta over resten av Noreg, og startar med Utkant! Gle dykk!