REGLAR FOR FESTIVALHAMNA:

  • Hamnesjefen har all myndigheit i hamna.

  • All bruk av open eld er strengt forbode, dette gjeld og på festivalområdet.

  • Billett skal liggje synleg i/på båten. Du hentar billett til båt og festival i billettpunkt ved Landhandel eller hurtigbåtkaia.

  • Maks storleik på båt er 65 fot

  • ALLE i båten må ha billett til festivalen (festivalpass eller dagspass for aktuell dag)

  • Det er begrensa med straum i båthamna. Her må alle dele. Ingen båtar kan ligge tilkobla heile tia.

  • Skjerjehamn har avgrensa tilgang på drikkevatn som skal halda til alle på festivalen. Me ber derfor om at de kjem med fulle vasstankar i båtane då det ikkje er høve til å fylla tanken i festivalhamna.

Kjøp rett billett til hamna! Billettane er delt opp i storleik. Dette er for å planleggje hamna best mogleg og for å sikre at både tilkomst og avgang er smidig og at sikkerheita (særleg med tanke på brann) er i varetatt. Billettane gjeld heile helga (torsdag-søndag). Det vil vere mogleg å komme med båt onsdagen. Det er viktig at du informerer hamnevaktene viss du skal reise før søndag, sånn at du blir plassert på riktig plass i hamna. OBS. billettar for dei minste båtane er utseld for 2024. Om det fortsatt er ledige billettar til sørre båtar kan du kjøpe dei.

Når du kjem fram vert du teken imot og plassert av hamnevaktene. Deretter må du bytte inn billett (både billett til hamna og festivalbillett) ved billettpunktet. Legg båtbilletten synleg i/på båten. Etter det er det berre å knekke den første øla og nyte livet.

Nytt i 2024! Maks storleik for båt i festivalhamna er 65 fot. Dette er for å betre branntryggleiken i hamna sidan vi ikkje har kapasitet til å sløkke eller slepe båtar som er større enn 65 fot.