FRIVILLIG PÅ UTKANT?

Vil du vere med å skape verdas finaste festival i havgapet? Bli mannskap på Utkant‘24, då vel!

Som frivillig er du ei heilt sentral brikke i festivaldrifta, du er faktisk ein av grunnane til at det blir festival!

Som mannskap på UTKANT tilbyr du ikkje berre eit viktig bidrag til festivaldrifta, det er óg ei utruleg kjekk, sosial og givande oppleving. Her kan du få nye vener, lære deg nye ferdigheiter, få fin pynt på CV-en, og samstundes får du masse god musikk og den gode festivalstemninga med på kjøpet.

Å vere frivillig på UTKANT krev ingen forkunnskapar, me forventer berre at du stiller førebudd, positiv og arbeidsvillig på festival! :)

Vil laget ditt jobbe dugnad på UTKANT? Sjå nedst på sida for meir info.

Som frivillig kan du jobba med ein eller fleire av følgjande oppgavar:

  • Som artistvert har du ansvar for ein eller fleire artistar/band den dagen dei spelar på UTKANT. Du vil vere den første artisten møter i havgapet, og vil sørgje for at dei har det bra og har det dei treng gjennom heile deira opphald på Skjerjehamn. Her kan du få oppgåver som omfattar alt frå å klargjere backstage, til å halde det ryddig eller steike vaflar. Me ynskjer deg som er serviceinnstilt, løysningsorientert og som ønsker å gjere UTKANT til ei positiv oppleving for artistane!

  • Rigg er digg! I denne gruppa kan ein møte på mange ulike og varierte oppgåver. Er du god på å tenkje kreativt og finne smarte løysningar, då er dette noko for deg! Du må forvente tungt og fysisk aktivt arbeid, samstundes som du får gleda av å sjå festivalområdet bli til! Her treng me hender til alt frå å rigge scene, byggje ting, og male skilt. Området skal pyntast, og gjerder og telt skal på plass. Du treng ingen forkunnskapar, men du må kunne løfte nokre kilo. I hovudsak er det viktigast at du har pågangsmot, gjerne litt kreativitet – og du bør ikkje vere redd for å bli skitten på hendene. Dette er en super moglegheit for å få seg ny kunnskap og erfaring med handarbeid!

    KATEGORIAR: opprigg før festival, nedrigg etter festival eller scenearbeidar under festival

  • Catering / Kjøkkenhjelp: Er du glad i å lage mat og å ta vare på folk? Då er dette jobben for deg! I cateringgruppa har du ansvar for å lage og tilberede mat til artistar og mannskap som er på UTKANT, under leiinga av ein kokk.

    Kiosk / Sal av merchandise: Under UTKANT blir det sal av både festivalen sin eigen merch og artistane sin merch, samt sal av kioskvarer som popcorn og sukkerspinn. Dette er jobben for deg som er serviceinnstilt og vil møte festivalgjestane med eit blidt ansikt og positiv energi!

    Solskinspatruljen (trivselsvaktar) under UTKANT er på mange måtar festivalen sine ansikt utad. Du har ansvar for å passe på området, sjå til at publikum har det bra, svare på spørsmål om festivalen, sørgje for at området er ryddig, med meir. Du vil óg vere den som sørgjer for at andre frivillige på jobb får seg ein kopp kaffe og ein sjokolade når dei treng det som mest. Er du den som alltid er oppteken av å ta vare på dei rundt deg og passer på at alle blir sett? Då passar du perfekt inn i solskinspatruljen!

    Billett- og innslepp til festivalområdet: Som frivillig i billett- og innslepp er du gjestane sitt første møte med festivalen. Her får du jobb både med å bytte billettar til bånd, og med å selge billettar undervegs. Du vil sørgje for at publikum kjenner seg ivaretatt frå første augeblink! I denne gruppa vil det vere hektiske og rolige perioder, og du må derfor forvente å bli satt til anna førefallende arbeid i dei roligare periodane. Dette kan til dømes vere å bidra til rydding av festivalområdet og liknande.

    Miljøgruppa: under UTKANT vil miljøgruppa sørgje for at me har eit fint og ryddig festivalområde. Under festival oppstår det mykje avfall, og du er med på å sørgje for at bosspann er tømt og at publikum alltid har ein stad dei kan kaste frå seg avfallet sitt – slik at det ikkje havnar i sjøen! Arbeidet denne gruppa gjør er heilt sentralt for trivselen til gjester og andre på som oppheld seg på festivalområdet, og ikkje minst for naturen rundt!

  • Sjåfør: Når du jobbar med transport under UTKANT, får du oppgåver som omfamnar alt frå å hente artistar på Flesland til å køyre utstyr. Tre viktige forutsetningar som trengs her; du må ha lappen, vere glad i å køyre bil og vere ein trygg sjåfør!

    Trafikkhandtering: For å få gjennomført festivalen er det heilt avgjerande at logistikken går så smertefritt som mogleg, og dette treng me gode hjelparar til. Denne oppgåva krev at du klarer å halde tunga beint i munnen. Her vil du hjelpe til med diverse oppgåver som å dirigere kjøretøy, passe på at folk kjem seg på riktig buss, og å stenge vegar. Her treng me deg som er god til å kommunisere, og som held hovudet kaldt i hektiske periodar!

    Hamnearbeid: Når me lagar festival i havgapet er det ikkje til å kome unna at mange av gjestene våre kjem i båt, og mange bur i båt gjennom heile festivalen. Difor treng me ei gruppe frivillige som vil hjelpe til med ymse hamnearbeid. Båtar skal plasserast, me skal ha orden i køsystema, og me skal sørgje for at viktig informasjon kjem fram til gjestene ved ankomst. Er du like trygg på vatn som på land? Då vil me gjerne ha deg med her!

  • På festivalar oppstår det ofte mykje uforutsett, og då treng vi nokon som står parat og er klar for alt. Som springar (runner) veit du aldri kva di neste oppgåve blir! Kanskje må du hente noko for nokon, reparere noko som har gått i stykke, eller berre kome med eit godt innspel til nokon som står fast? Her kjem du i møte med mange menneske og får ein variert dag. Kan du kanskje litt om alt, eller er du rett og slett berre ein fleksibel og hjelpsam type? Då vil denne gruppa passe deg. Fordel med førerkort!

Har du spørsmål om nokre av stillingane, eller ynskjer du litt hjelp til å finne ut kva som passer best for deg?
Ta gjerne kontakt med frivilligansvarlig Sabine på frivillig@utkant.com

DETTE FÅR DU SOM MANNSKAP PÅ UTKANT:

  • Festivalbillett
    Med denne får du oppleve konsertar når du har fri. Merk at dersom du er under 18-år må du ha med verge når du er på festivalen.

  • Rabatt på UTKANT-merch
    Som frivillig får du låne ei skjorte som skal brukast når du er på jobb. Av berekraftshensyn skal vi bruke frivilligskjortene i monge år så den må leverast tilbake etter endt arbeid. Men om du ønsker ei Utkant-skjorta får du 20% rabatt på all UTKANT-merch!

  • Mat
    Du får mat når du er på jobb.

  • Frivilligovernatting
    Har du behov for overnatting, fins det fleire alternativ. Festivalen har ein eigen frivilligcamp inne på festivalområdet. Dette er ein stillecamp, og det er ikkje lov å ha med medbrakt alkohol her. Dersom du ynskjer å bu på ein meir festleg camp, kan me reservere plass til deg på den ordinære festivalcampen. Har du behov for ekstra tilretteleggjing utover dette, kan det vere mogleg å få bu i samfunnshus utanfor festivalområdet. Skriv gjerne kommentar i påmeldingsskjema dersom du vil nytte deg av ein av desse moglegheitene!

  • Frivilligfest
    Det blir bli-kjent-quiz onsdag før festivalstart, og ein fest på USF Verftet i Bergen i mai!

  • Attest
    På førespurnad kan du få en attest for arbeidet du har gjort på festivalen.

  • Fantastiske konsertar, nye vener og den perfekte sumaropplevinga!
    Antall arbeidstimar og korleis arbeidet er organisert avhenger av kva slags jobb du har og kva gruppe du høyrer til. Du kan forvente å arbeide mellom 12-16 timar i løpet av festivalen. Dersom ein ikkje møter til dei vaktene ein får tildelt vert ein fakturert for festivalbillett.

DUGNAD? 

Ynskjer laget ditt/foreninga di å tene pengar ved å jobbe på UTKANT23?

Vi treng óg dugnadsarbeidarar! Her tener de 125,- i timen per person som er på jobb til laget/foreninga. Døme på grupper som deltek her er russegrupper, skuleklassar som vil tene pengar til klassetur, idrettslag og korps.

Ta kontakt med Sabine på frivillig@utkant.com for nærare informasjon og påmelding for dugnadspersonell.

Lurer du på korleis du skal kome deg til UTKANT? Sjå under fanen “Praktisk info” øverst på nettsia.
Dersom du kjem med privatbil vil vi sørge for shuttle for å få deg inn- og ut av området når du skal på jobb.