Til deg som lurer på å vere mannskap på Utkant 2023↓

Vil du vere med å skape verdas finaste festival i havgapet? Bli med som mannskap på UTKANT 2023!

 

Som frivillig er du ei heilt sentral brikke i festivaldrifta. Du er ein av grunnane til at det blir festival! Å vere frivillig på UTKANT krev ikkje nokon forkunnskap, men vi forventar at du stiller forberedt, positiv og arbeidsvillig på festival.

Frivilligregistreringa opnar til våren!

Dette får du som mannskap på UTKANT22:

  • Festivalbillett

Med denne får du oppleve konsertar når du har fri. Merk at det er 18-års aldersgrense på festivalområdet, men med moglegheit for å ha med verge. Dersom du er under 18 og vil delta som frivillig, sørger vi for vergeordning medan du er på jobb.

  • Frivilligskjorte

Denne har du på deg når du er på jobb under festivalen, men etter kan du bruke den akkurat som du vil!

  • Mat

Du får mat når du er på jobb.

  • Frivilligovernatting

Har du behov for overnatting, fins det fleire alternativ.

Festivalen har ein eigen frivilligcamp, som er inne på festivalområdet. Dette er ein stillecamp, og det er ikkje lov å ha med medbrakt alkohol her. Dersom du ynskjer å bo på ein meir festleg camp, kan vi reservere plass til deg på den ordinære festivalcampen. Vil du kome med eigen båt, sørgjer vi for båtplass til deg. Det vil og vere mogleg å bu på madrass i samfunnshus utanfor festivalområdet. Skriv gjerne kommentar i påmeldingsskjema dersom du ynskjer å nytte deg av ein av desse moglegheitene!

  • Frivilligfest

Det blir bli-kjent-quiz onsdag før festivalstart, og en ordentlig feiring frivilligfest i løpet av hausten.

  • Attest

På førespurnad kan du få en attest for arbeidet du har gjort på festivalen.

  • Fantastiske konsertar, ny vener og den perfekte sumaropplevinga!

 

Antall arbeidstimar og korleis arbeidet er organisert, avhenger av kva jobb du har og kva gruppe du høyrer til. Du kan forvente å arbeide 12-16 timar i løpet av festivalen.

Ynskjer laget ditt/foreningen din å tjene pengar på å jobbe med UTKANT?

Vi treng og dugnadsarbeidarar! Her tener de 125,- i timen per person som er på jobb til laget/foreningen. Eksempler på grupper som deltar her er russegrupper, klasser som vil tene peng til klassetur, idrettslag og korps.

Ta kontakt med Iselin på frivillig@utkant.com for nærare informasjon og påmelding for dugnadspersonell.

 

KVA OPPGÅVER KAN DU FÅ SOM FRIVILLIG? 

Eit festival-mannskap er ein blid og løysingsorientert gjeng som har det kjekt – samstundes som ein får gjort en god jobb. Når arbeidsmoralen er på topp – smittar det og ein får ei god oppleving! Me håpar akkurat du vil bidra til å få UTKANT tilbake på skikkelig vis. 

Me er avhengig av kvar og ein. Sjå under om det er roller som kan interessere deg meir enn andre, og velg tre prioriterte roller i påmeldingsskjema.

Artistvert

Som artistvert har du ansvar for ein eller fleire artister/band den dagen dei spelar på UTKANT. Du vil vere den første artisten møter i havgapet, og vil sørgje for at dei har det bra og har det dei treng gjennom heile deira opphald på Skjerjehamn. Her kan du få oppgåver som omfattar alt frå å klargjere backstage, til å halde det ryddig eller steike vaflar. 

 

Scenerigg

Ver med på å gjere alt klart for artistane som skal spele på scenene våre! Dette er til tider tungt arbeid i eit team med profesjonelle sceneriggarar og teknikarar. Her er det gode moglegheiter for å skaffe seg erfaring du kan bygge vidare på om du vil jobbe i musikkbransjen. Her er du ei viktig brikke i eit maskineri som er nøye planlagt med mykje kunnskap! Om du likar å stå på, bruke kroppen og er glad i å vere ein del av eit team er dette ein super jobb for deg. Her er det også mogleg å jobbe før- og etter festival, slik at du kan få fri under festivalavvikling. 

 

Områderigg

Likar du å bygge ting, vere aktiv, finne smarte løysingar på rare problem og kanskje male eit kult skilt? Når du er med på å gjere klart festivalområdet vil du får varierte oppgåver og bli kjent med alle av festivalens krikar og krokar. Her vil du få gjere alt frå å sette opp gjerder, henge opp ting i treda til å hjelpe til med å montere telt. Riggteamet står på til vi stolte kan åpne eit kult, koselig og trygt festivalområde for publikum. Du treng ikkje noko forkunnskapar, berre eit ynskje om å gjere ein innsats, litt kreativitet er fint – og du bør ikkje vere redd for å bli skitten på hendene. Er du i riggegruppa har du også moglegheit til å jobbe før og etter festival, og få fri under festivalavviklinga. 

 

Catering

Er du glad i å lage mat og å ta vare på folk? Då er dette jobben for deg. I cateringgruppen har du ansvar for å lage mat til artistar og crew som er på UTKANT, under leiinga av ein profesjonell kokk. 

 

Merchsalg 

Under UTKANT blir det salg av både festivalen sin eigen merch og artistane sin merch. Her må du like å prate med folk, og yte din beste service! 

 

Trivselsvakt 

Trivselsvaktene under UTKANT er på mange måtar festivalen sine ansikt utad. Du har ansvar for å passe på området, sjå til at publikum har det bra, svare på spørsmål om festivalen, sørgje for at området er ryddig mm.. Du vil og vere den som sørgjer for at andre frivillig på jobb får seg ein kopp kaffe og ein sjokolade når dei treng det som mest. 

 

Billett- og akkreditering 

Som frivillig i billett- og akkrediteringsgruppa er du gjestane sitt første møte med festivalen. Her får du jobb både med å bytte billettar til bånd, og med å selge billettar undervegs. Du vil sørgje for at publikum kjenner seg ivaretatt frå første augeblink!

 

Sjåfør 

Når du jobbar med transport under UTKANT, får du oppgåver som omfavnar alt frå å hente artistar på Flesland til å køyre utstyr. To viktige forutsetningar; du må ha lappen og vere glad i å køyre bil! 

 

Logistikk 

I logistikkavdelinga hjelper du til med å sørgje for at logistikken rundt festivalen går så smertefritt som mogleg. Her får du ansvar for alt fra å få folk på riktig buss, stenge vegar til å hjelpe båtar på plass. 

 

Renovasjon 

Renovasjonsgruppa under UTKANT vil sørge for at vi har et fint og ryddig festivalområde. Under festival oppstår det mykje avfall, og du er med på å sørgje for at søppelkasser er tømt og at publikum alltid har ein stad dei kan kaste frå seg avfallet sitt – slik at det ikkje havnar i sjøen!

Lurer du på korleis du skal kome deg til UTKANT? Sjå her: https://utkant.com/praktisk-info/

Dersom du kjem med privatbil vil vi sørge for shuttle for å få deg inn- og ut av området når du skal på jobb.

Har du spørsmål eller allereie bestemt deg?

Ta gjerne kontakt med frivilligansvarlig Iselin på frivillig@utkant.com