• Denne ruta går frå Byrknes til Mjåsundet Næringspark, og vidare derfrå tar du shuttlebuss til Skjerjehamn.
      Nokre avgongar går til/frå Gråvika og Brimnesstranda.

    • Festivalbussen går både inn til festivalområdet og heim igjen seinare på kvelden/natta.

    • Shuttle er sjølvsagt inkludert i bussbilletten! :)

    Sjekk rutetabellen for å sjå kortid bussen går frå din haldeplass!

    • Denne ruta går frå Hosteland til Mjåsundet Næringspark, og vidare derfrå tar du shuttlebuss til Skjerjehamn.
      Nokre avgongar går til/frå Duesund.

    • Festivalbussen går både inn til festivalområdet og heim igjen seinare på kvelden/natta.

    • Shuttle er sjølvsagt inkludert i bussbilletten! :)

    Sjekk rutetabellen for å sjå kortid bussen går frå din haldeplass!

    • Denne ruta går frå Dalsøyra til Mjåsundet Næringspark, og vidare derfrå tar du shuttlebuss til Skjerjehamn.
      Ver obs på at det berre er nokon av avgongane som går innom Hovden og Sande.

    • Festivalbussen går både inn til festivalområdet og heim igjen seinare på kvelden/natta.

    • Shuttle er sjølvsagt inkludert i bussbilletten! :)

    Sjekk rutetabellen for å sjå kortid bussen går frå din haldeplass!

  • Ved Mjåsundet Næringspark, også kjend som “Grustaket”, har me både parkeringsplass for tilreisande med bil, og snuplass for alle festivalbussar.

    Herfrå går det shuttlebussar inn til festivalområdet med jamne mellomrom.

    Om du kjem til Grustaket med festivalbuss og skal vidare med shuttle, er shuttle inkludert i billetten.

    Kjem du med bil og skal parkere på Grustaket og ta shuttle vidare, er shuttle inkludert for sjåføren. Resten av passasjerane må kjøpe eigen shuttlebillett.

    • Festivalbuss kostar 150,- pr tur. Om du kjøper tur/retur for heile helga, altså 6 billettar, så får du den 6. billetten gratis!

    • Me har rabatt for ungdom i alderen 13-19! Bruk rabattkode UNG.
      Dersom du skal kjøpe både ordinære billettar og UNG-billettar må dette gjerast i to ulike kjøp.

    • Shuttlebuss kostar hovudsakleg 85,- per person. Om du har betalt for parkering inkluderer det shuttle for ein person.
      Skal du ta camp-shuttle (inn onsdag og ut igjen søndag) kostar det 40,- per person.

Den mest praktiske måten å komme seg til Utkant på er å nytte seg av kollektivtransport, ettersom det ikkje finst parkering på sjølve festivalområdet. Me set opp festivalbussar i lokalområdet som fraktar deg trygt både til og heim igjen frå festival!

Dersom du planleggjer å ta buss er det viktig at du kjøper billett på førehand. Det kan ofte bli fullt på bussen, og då er det kun dei som har førehandsbestilt billett som kjem med!


Det finst fleire måtar å komme seg til Utkant i båt på:

  1. Køyr din eigen båt!
    Sett kursen mot Skjerjehamn og legg deg til kai i festivalhamna vår!
    Ved å bu i eigen båt i hamna får du den ultimate festivalopplevinga - her er det fullt liv gjennom heile festivalen, og du er i umiddelbar gåavstand til alt som skjer!
    Hugs at alle som bur i båthamna må ha gyldig festivalbillett, i tillegg til at du må ha hamnebillett for båten. Skriv ut og fyll ut båtskjema før du kjem, og følg innsktruksane til Utkant-mannskapet når du skal legge til kai.

  2. Ta hurtigbåt!
    Hurtigbåten frå Bergen er nok den enklaste måten å komme seg til Skjerjehamn på om du kjem frå byen. Gå på båten på Strandkaiterminalen i byn - ein og ein halv time seinare er du på plass i Skjerjehamn!

  3. Lokale rutebåtar
    I anledning Utkant blir det satt opp lokalbåt som går til og frå Mastrevik, Furnes, Eivindvik og Mjømna.
    Desse er det ikkje Utkant, men West Sea Shipping, som sel billettar til, du finn dei her:


Skjerjehamn ligg noko ulendt til, og er eit relativt lite festivalområde - difor har me ikkje anledning til å la gjester parkere ved sjølve festivalen.
Men det går sjølvsagt an å køyre bil til Utkant likevel!

  • All parkering til Utkant skjer på Mjåsundet Næringspark, også kalla “Grustaket”. Derfrå går det shuttlebuss inn til festivalområdet med jamne mellomrom.

    På Grustaket kan du stå heile helga om du vil, men du kan óg kjøpe dagsbillett.

    Alle parkeringsbillettar inkluderer shuttlebuss til sjåføren.

    Prisar på parkering:
    110,- for dagsbillett
    220,- for helgebillett
    + 85,- for shuttle per passasjer.

  • Det tek knappe 2 timar å komme seg frå Bergen til Skjerjehamn med bil!

    • Køyr mot Knarvik og ta av til Mongstad på Riksveg 57. På Mongstad (Leirvåg) går det (som regel) ferje kvart over kvar heile time. Ferja tek ca. 20 minuttar.

    • Følg så skiltinga til Byrknes. Rett over Mjåsundrua finn du parkeringa. Derfrå tar du shuttlebuss inn til Skjerjehamn.

    • Etter ferja Lavik – Oppedal tek du av vegen ved Kringla.

    • Køyr deretter først mot Duesund og så mot Rutledal. Ta av til Sløvåg.

    • Følg så skiltinga til Byrknes. Rett over Mjåsundbrua finn du parkeringa. Derfrå går det shuttle til Skjerjehamn.