Her finn du svar på ting som kan være greit å vite før du besøker festivalen vår. Dersom du ikkje skulle få svar på det du lurar på her, må du gjerne sende oss ei melding via e-post eller gjennom kontaktskjemaet.
Ta vare på einannan, og hjarteleg velkommen til Utkant siste helga i juli!

Verjeordning
Utan verje vil billettar for dei under 18 år vere ugyldig. Billettar vert ikkje refundert, så ver merksam på at festivalen har ei verjeordning som tydar at ungdom under 18 år ikkje kjem inn på festivalområdet utan verje over 30 år. Korkje verje eller ungdom kan vere alkoholpåverka.
Verja er ansvarleg for dei mindreårige så lenge dei oppheld seg på og ved Utkant. Verja skal vere saman med, og ha dei mindreårige under oppsyn, gjennom heile opphaldet på og ved Utkant.
Reglar for verjeordninga:
-
- Som verje vert akseptert person fylt 30 år, og/eller som er forelder til den mindreårige.
- Verja og ungdommen kan ikkje nyte alkohol eller rusmidler på Utkant.
- Verja må legitimera seg og levera utfylt verjekontrakt ved inngang til Utkant.
- Verja kan ha ansvar for maksimalt 2 mindreårige
- Born/ungdom under 18 år skal til kvar tid vera saman med og under oppsyn av sine føresette/verje
- Born under 18 år skal ikkje stå fremst føre scena, der det kan vera press Frå publikum.
- Vêr vennleg å gi beskjed til vaktar om noko ikkje er som det skal vera.
- Det er viktig å verna barns (og voksnes) øyre, med ørepropper.
- Verja skal ha mobiltelefon med vibreringsfunksjon på under heile opphaldet på og vedUtkant.
- Mindreårige og/eller verje som kjem rusa til Utkant vil verta avvist.
- Vi oppfordrar mindreårige og verjer å dra heim før kl 23
NB: Hugs gyldig legitimasjon – bankkort med bilete, førarkort eller pass.
Last ned Verjekontrakt UTKANT og lever det ved festivalinngangen.
Aldersgrense
Utkant har inga aldersgrense, men born og ungdom under 18 år skal ha fylgje av godkjent verje.
Born under 13 år slepp inn gratis i fylgje med betalande vaksen. Me ber foreldre om å ta ansvar og omsyn til konsertanes art og tidspunkt. Enkelte konsertar kan spele på uttrykk som opplevast skremmande for born.
Ungdomspass er kun for ungdom i alderen 13-17. Er du over 17 nyttar du vanleg billett – hugs at legitimasjon kan verte kravd.
- Born og ungdom under 18 har kun tilgjenge til festival saman med godkjent verje
- Festivalpass og ungdomspass gjeld heile festivalen (alle konsertar)
- Det er billegare med festivalpass enn individuelle dagspass
- Gyldig billett framvisast ved inngong og byttast i armband
Tilgjenglegheit / HC
Alle med nedsatt funksjon er hjartleg velkomne på Utkant og dei aller fleste stadar er framkomsten med rullestol, men merk at det er grusveg og ein bratt bakke for å nyte sikta til Dronningscena. Du må sjølv ha gyldig billett (festivalpass/dagspass), men hvis du treng ledsager så kjem denne inn gratis mot framvisning av ledsagarbevis, men ta kontakt med billett@utkant.com slik at vi veit at dere kommer. Ledsagerbevis kan søkast om her: https://gulen.kommune.no/

Hittegods
Alt hittegods som blir funne under festivalen kan leverast og bli henta i landhandel/kiosken?
Servering
Det er legitimasjonsplikt ved alle serveringsstadar som sel alkoholhaldige drikkar. Godkjent legitimasjon er bankkort med bilete, førarkort eller pass. Dersom det vert oppdaga at legitimasjon vert nytta uriktig, eller er falsk, vil politiet bli tilkalt. Uriktig bruk av legitimasjon eller fremvisning av falsk legitimasjon vil bli anmeldt.
Alkoholkontroll
Vaktmannskapet vårt er instruert til å være observante ovanfor synleg berusa personar. Vaktleiar har, i samband med politiet, offisiell myndighet til å avkreve legitimasjon og eventuelt foreta utvisning. Unge personar som vert observert nytande alkohol, kan verte kravd for legitimasjon. Dersom dei er under 18 år eller ikkje kan framvise legitimasjon, vert alkohol inndregen.

Hotell
Hotellfasilitetane på Skjerjehamn vert heilt og fullt nytta av festivalen for å gjennomføre denne. Det er difor ikkje mogleg å leige rom i Skjerjehamn under festivalen.
Utkant er som namnet seier ikkje plassert i urbane strøk. Det er difor begrensa hotellkapasitet i kringliggande strøk. Det finnast ein del hytte/rorbuer i nærområdet. Du kan òg legge deg inn på hotell i Eivindvik der det går båt jamnleg.
Rom kan tingast direkte hjå:
Telt
Har du med eige telt er du langt på veg berga. Camping er plassert på Blidensol kring 300 meter frå hovudscena. Det vert ikkje kravd avgift for oppsett av telt.
Det er fyrste mann til mølla. Det er ikkje parkering ved camp, alle bilar skal være ute av området torsdag kl. 12.00. Parkering på grustaket på Mjømna, og derifrå går det shuttlebussar til festivalen. Shuttle startar torsdag kl.12.00
Bubil og campingvogn
På Mjømna Bil- og Båtferie er det oppstillingsplassar for bubil og campingvogn.
På Byrknes ligg Tausevågen Marina som har oppstillingsplass for bubil og campingvogn.
I Masfjorden ligg Nautesund Camping med oppstillingsplass og hytteutleige.
Det går buss til festivalområdet frå Mjømna, Byrknes og Nautesund.
Båt
Kom til Utkant i eige båt. Du må ha billett etter storleik på båten og kor monge dagar du skal vere i hamna. Merk at alle i båten må ha gyldig festivalbillett!
Billettar til båthamna finn du her
Kvifor så monge billettypar?
Monge vil komme med båt og vi må følgje strenge krav til branntryggleik. Difor er det viktig at vi veit kva slags båtar som kjem og når dei skal dra, slik at hamnesjefen kan planlegge og plassere båtane riktig ved ankomst.
Hugs å sette deg inn i reglane for båthamna og fyll ut båtskjema før du kjem til festival!